Aktuelt
– Saknet kjem som eit tog i mot deg. Det treff deg som ei klubbe i brystet
- 05/12/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Sjølvmordsførebygging Traume

Sorg var fokus for første fordjupningsdag på runde to av Kriseteamskulen.
Jakob Inge Kristoffersen, Cand. psychol. og psykologspesialist ved Senter for krisepsykologi føreles for medlemmar frå kriseteama i Hordaland.
Jakob Inge er spesialist i klinisk psykologi og har 12 års praksis frå psykisk helsevern, med hovudvekt på arbeid med barn, unge og familiar, før han i 1988 starta opp Senter for Krisepsykologi saman med Atle Dyregrov.
Ved SfK har han arbeidd med dagliglivet sine kriser og ulykker, og han har erfaring frå arbeid med større ulykker og katastrofar. Han har samstundes fortsatt sitt arbeid med barn og barnevern og er ein sentral ressursperson for kommunale og statlege instansar innanfor denne sektoren.
Kristoffersen har brei og variert undervisningserfaring og er ein dyktig formidlar som er ettertrakta som undervisar/foredragshalder i og utanfor Noreg (Kjelde: SfK).
Dagen om sorg skal og haldast for kriseteama i Sogn og Fjordane og i Sandnes.
Bakgrunn
Kriseteama har tidlegara vore gjennom første del av Krisetamskulen som vart arrangert hausten 2012 og våren 2013. Først deltok dei på ein generell innføringsdag, deretter på fire fordjupningsdagar om 1. Forståing av psykisk traumatisering i lys av nyare forskning, 2. Korleis møte traumatiserte menneske i akuttfasen, 3. Korleis oppdage dei som har behov for ekstra oppfølging og 4. Viktige moment kring organisering av kriseteamet
Relevante lenker:
«Kompetanseheving for hjelparar»
«To nye fordjupningsdagar på Kriseteamskulen»