Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) er ein samarbeidspartnar for tenestene i region vest innanfor:
Sjølvmordsførebygging og sjølvskading
Flyktninghelse og tvungen migrasjon
Vald og seksuelle overgrep
Kriser og psykososial beredskap
Vi tilbyr anerkjent og oppdatert spisskompetanse til våre målgrupper:
Faste eller tilpassa opplæringsprogram
Rådgjeving i enkeltsaker
Rettleiing i gruppe
Møteplassar for fagutveksling
Nettressursar
Vårt nedslagsfelt er Rogaland og Vestland, og vi arbeider på tvers av etatar og sektorar. Helsedirektoratet er vår oppdragsgjevar, og vi er organisert som ei eining i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus.
Få nyhetsbrevet vårt tilsendt på e-post:
Når du melder deg på e-postlista for å motta RVTS Vest sitt nyhetsbrev, samlar vi kun inn e-postadressa di, og vil kun nytte denne til å sende ut nyhetsbrev. E-postadressa di blir ikkje gitt vidare til nokon tredjepart (anna enn leverandøren som gjer nyheitsbrevtenesta mogeleg), og du kan når som helst melde deg av denne lista. Sjå elles vår personvernerklæring.
RVTS Vest tilbyr rådgjeving og konsultasjon til kommunar, spesialisthelsetenesta og andre hjelparar i samband med flyktningesituasjonen knytt til krigen i Ukraina.