Traume
Foto: Elisabeth Harnes Ukraina held pusten og usikkerheita og redsla pregar både landet og folket på flukt. Det er ingen tvil om at det forferdeleg å vere kvinne, barn og sivile i det som skjer. I følge UNHCR har 500.000 flyktningar kome til Romania i løpet av dei siste vekene, og kring 100.000 har førebels […]
I ein kort video fortel spesialpedagog Beate Gauden ved RVTS Vest om korleis ein kan unngå isolasjon og utanforskap for flyktningar som kjem til kommunen. Sjå video under teksten. – Ein flyktning er først og fremst eit menneske, og menneske treng å tilhøyra eit fellesskap, seier Beate. – Det viktigaste ein flyktning kan få i […]
Nyleg arrangerte vi konferanse om veteranar og deira familiar i Bergen, kor kring 80 personar, både fagfolk og veteranar, deltok. Tidlegare generalløytnant i Forsvaret Robert Mood og seksjonsleiar i Vest politidistrikt Jarle Bjørke, var to av forelesarane under konferansen. Venke A. Johansen frå RVTS Vest tok ein prat med begge. Under er tekst og video […]
RVTS Vest sin årlege konferansen om traume går av stabelen 9. – 10. september. Konferansekomiteen har hatt ei to år lang ventetid, og ser fram til å endeleg gjennomføre programmet, som i år foregår digitalt. Traume og rus – frå ulike vinklar – Vi har forsøkt å belyse temaet “traumer og rus” frå mange ulike […]
Til høsten arrangerer RVTS opplæringsprogrammet Endringsagenter i arbeidet med negativ sosial kontroll og æresrelatert vold for ressurspersoner i frivillige organisasjoner og berørte miljøer som f.eks menigheter og trosfellesskap. Bakgrunn Opplæringen er en del av regjeringens handlingsplan og er utarbeidet av RVTS på oppdrag fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Opplæringen er tverrfaglig og skal legge […]
«For å kjenne smerte må ein vite korleis det er å ikkje ha smerte» 26. juni er internasjonal dag til støtte for torturofre. Rolf Vårdal, som tidlegare jobba ved RVTS Vest, har lang erfaring frå arbeid med torturoverlevarar. Rolf er fysioterapeut og jobbar ved Senter for Migrasjonshelse i Bergen. – Å bygge ein relasjon over […]
«For å kjenne smerte må ein vite korleis det er å ikkje ha smerte»
26. juni er internasjonal dag til støtte for torturofre.
Rolf Vårdal, som tidlegare jobba ved RVTS Vest, har lang erfaring frå arbeid med torturoverlevarar. Rolf er fysioterapeut og jobbar ved Senter for Migrasjonshelse i Bergen.
– Å bygge ein relasjon over tid, kor du viser at du er ein person som er til å stole på, er viktig for at menneske som har vore utsett for tortur skal snakke om kva dei har opplevd, seier Rolf.
Tittelen på denne artikkelen er eit sitat av ein person som no bur i Bergen. “For å kjenne smerte må ein vite korleis det er å ikkje ha smerte”.
– Sitatet fortel korleis erfaringar som dette kan opplevast, og står dessverre trygt på eigne bein, seier Rolf.
I denne filmen vert han intervjua av May Irene Wergeland frå RVTS Vest. Han fortel om si erfaring, og korleis vi som hjelparar kan møte menneske som har vore utsett for tortur.