«For å kjenne smerte må ein vite korleis det er å ikkje ha smerte»

26. juni er internasjonal dag til støtte for torturofre.

Rolf Vårdal, som tidlegare jobba ved RVTS Vest, har lang erfaring frå arbeid med torturoverlevarar. Rolf er fysioterapeut og jobbar ved Senter for Migrasjonshelse i Bergen.

– Å bygge ein relasjon over tid, kor du viser at du er ein person som er til å stole på, er viktig for at menneske som har vore utsett for tortur skal snakke om kva dei har opplevd, seier Rolf.

Tittelen på denne artikkelen er eit sitat av ein person som no bur i Bergen. “For å kjenne smerte må ein vite korleis det er å ikkje ha smerte”. 

– Sitatet fortel korleis erfaringar som dette kan opplevast, og står dessverre trygt på eigne bein, seier Rolf.

I denne filmen vert han intervjua av May Irene Wergeland frå RVTS Vest. Han fortel om si erfaring, og korleis vi som hjelparar kan møte menneske som har vore utsett for tortur.