Aktuelt
To nye fordjupningsdagar på Kriseteamskulen
- 15/10/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging
Haust 2012 og vår 2013 arrangerte vi fleire samlingar med fagleg påfyll for kriseteama i region vest. – No er vi klare med ein ny runde, seier Reidar Thyholdt, som er ansvarleg for kriseteamskulen.
– Temaet for den første fordjupningsdagen er Sorg, og dagen vert arrangert i samarbeid med Senter for Krisepsykologi, fortel Thyholdt. Dette er vi svært glade for, då SFK er av dei fremste i landet når det gjeld dette temaet.
Denne gongen vert fordjupningsdagane haldne på tre stader i regionen vår. Datoar for den første samlinga om sorg vert 5. desember i Bergen (Pinsekirken tabernaklet), 9. desember i Sogndal (Quality Hotel Sogndal) og 16. desember i Sandnes (Thon Hotel Sandnes).
På fordjupningsdag 1 vil deltakarane bli bedne om å gje ei skriftleg evaluering av e-læringsprogrammet “Når krisen rammer”, det er difor ei forutsetning at deltakarane har vore gjennom dette på førehand.
Etter nyttår er det satt opp ein fordjupningsdag i Sandnes 8. januar, i Sogndal 13. januar og i Bergen 22. januar. Programmet for denne dagen er enno ikkje fastlagt, men vi vil sjå på forslag som er innkomne frå kriseteammedlemmane. – Det er viktig for oss å imøtekomme deira ønskjer, då det er dei som best veit kva dei treng påfyll av.
Tidsramma for fordjupningsdag 1 er 09.30 – 15.30. Program vert lagt ut på nettsidene når dette er klart.