Aktuelt
Kompetanseheving for hjelparar
- 30/10/2012
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt
Eit tilbod for medlemmar i kommunale psykososiale kriseteam og tilsette i familievernet.
Kompetanseheving for kommunale psykososiale kriseteam
RVTS Vest tilbyr opplæring for medlemmar av kommunale psykososiale kriseteam og tilsette i Familievernet og andre som kan ha oppgåver i samband med psykososial støtte og oppfølging av mennesker etter kriser, ulykker og katastrofar, og etterlatne etter sjølvmord.
Kriseteamskulen består av ein første generell kursdag og deretter fleire fordjupningsdagar. Fyrste generelle kursdag vil gje ein innføring i aktuelle emner;
- Hensikten med psykososiale kriseteam
- Kva situasjonar skal kriseteamet gå inn i?
- Kva er aktuell kompetanse for kriseteamet?
- Kva arbeidsoppgåver er sentrale for kriseteamet?
- Kva er psykososial førstehjelp?
- Kva kan ny kunnskap om psykiske traumer lære oss?
- Kva yrkesgrupper kan vere representert i eit kriseteam?
- Samarbeid og roller i høve til andre instansar
- Mobilisering og demobilisering
- Teieplikt og presserelasjonar
- Planar og øvingar
- Materiell og annan førebuing
Fyrste kursdag er også open for alle andre som kan ha oppgåver i samband med psykososial støtte og oppfølging av mennesker etter kriser, ulykker og katastrofar, og etterlatne etter sjølvmord. T.d andre offentlege funksjonar og frivillige organisasjonar. Vi anbefaler at fleire personar frå kvar kommune sitt kriseteam, og særleg kriseteamet sin leiar, deltek.
Følgjande to rettleiarar er sentrale i opplæringa:
Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer og Etter selvmordet – veileder om ivaretakelse av etterlatte ved selvmord
Første kursdag
Første kursdag er ferdig.
Fire fordjupningsdagar
I kvart fylke vert det på to ulike stader arrangert fire fordjupningsdagar. Desse dagssamlingane er primært retta mot medlemmar i dei kommunale psykososiale kriseteama og tilsette i Familievernet. Vi tilrår også her at fleire personar frå kvar kommune deltek. Siste fordjupningsdag er særleg relevant for kriseteamet / Familievernkontoret sin leiar. Tema på fordjupningsdagane er:
- Forståing av psykisk traumatisering i lys av nyare forskning
- Korleis møte traumatiserte menneske i akuttfasen
- Korleis oppdage dei som har behov for ekstra oppfølging
- Viktige moment kring organisering av kriseteamet
Praktisk: Det er gratis å ta del i denne kursrekka. Deltakarar kan melde seg på alle eller utvalde kursdagar. Om dato ikkje høver for den samlinga som er nærast der ein bur, kan ein melda seg på ei anna samling med same tema. Om ein ikkje møter til ein påmeld kursdag, ver det sendt rekning på lunsjen på kr. 250,-. Påmeldingsskjema finn du her. Du kan ikke sjølv gjere endringar i di påmelding etter at du har fylt den ut, men du kan sende oss ein mail og be om dei endringane du treng. Informasjon om lokale og detaljert program vil bli lagt ut på denne sida når det er klart.
Undervisingskalender:
Nordfjordeid:
Psykisk traumatisering 25. februar
Psykososial akutthjelp 18. mars
Å sjå dei som treng meir 8. april
Organisering av kriseteamet 22. april
Sogndal:
Psykisk traumatisering 26. februar
Psykososial akutthjelp 19. mars
Å sjå dei som treng meir 9. april
Organisering av kriseteamet 23. april
Bergen:
Psykisk traumatisering 28. februar
Psykososial akutthjelp 21. mars
Å sjå dei som treng meir 16. april
Organisering av kriseteamet 2. mai
Voss:
Psykisk traumatisering 1. mars
Psykososial akutthjelp 22. mars
Å sjå dei som treng meir 15. april
Organisering av kriseteamet 3. mai
Haugesund:
Psykisk traumatisering 6. mars
Psykososial akutthjelp 4. april
Å sjå dei som treng meir 11. april
Organisering av kriseteamet 6. mai
Sandnes:
Psykisk traumatisering 7. mars
Psykososial akutthjelp 5. april
Å sjå dei som treng meir 12. april
Organisering av kriseteamet 7. mai
Kontaktperson for Kriseteamskulen er Reidar Thyholdt, Telefon: 55 97 66 91 E-post: reidar.thyholdt@helse-bergen.no
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.
Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.