Aktuelt
– Kva treng flyktningar og asylsøkjarar utsett for traumer?
- 12/12/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging Traume

Dette spør Sylvi R. Fiskerstrand, psykologspesialist ved RVTS Vest på kurs om migrasjonshelse for tilsette ved asylmottaka i region vest.

– Og korleis kan ein ivareta og tilrettelegge for desse behova på mottaket? Spør ho vidare.
UDI regionkontor vest har invitert til eit to dagar langt kurs om migrasjonshelse, der RVTS Vest står for undervisninga. 40 tilsette frå asylmottak på vestlandet diskuterer kring Fiskerstrand sine spørsmål. Ein høyrer engasjerte diskusjonar i gruppene dei er delt inn i. Dette er ein gjeng med mykje erfaring, og svara er mange.
«Dei treng å bli sett og vi må ta oss tid til dei små samtalane.»
«Tryggheit og forutsigbarheit! Bebuarane må få vite at dersom dei treng hjelp av noko slag, så kan dei få det».
«Å finne på aktivitetar er viktig. Gjerne få nokre av bebuarane til sjølve å vere med å aktivisere andre bebuarar», er nokre av erfaringane som vert delt.
Korleis takle saknet når ein er «stuck»?
Chiku Ali, spesialkonsulent ved RVTS Vest underviser om noko av det ho kan best, nemleg kultur og kommunikasjon.

Ho deler sine eigne erfaringar med å vere ny i eit anna land, samt sine erfaringar etter å ha jobba med flyktningar i mange år.
– Når eg reiste frå Tanzania på 80-talet, reiste eg først til Sverige der eg skulle studere i tre månader. Allereie etter eit par månader byrja eg å lengte intenst attende til Tanzania, endå eg visste at eg snart skulle reise tilbake. Korleis føles det då for ein flyktning som ikkje veit når eller om ho skal reise tilbake til heimlandet sitt?
Chiku fortel vidare frå sine mange møte med menneske frå ulike kulturar, og om det utfordrande i å kommunisere på tvers av kulturar.
I etterkant av kurset, spurte vi Siv A. Johansen, miljøarbeidar ved Arna mottak om hennar oppleving av kurset.
– Eg synes at dei to dagane var svært interessante og nyttige for meg i min jobb som miljøarbeidar på Arna Mottak, men og som menneske elles. Uansett fartstid på mottak tenkjer eg at det er godt å få slikt påfyll i ny og ne. Vi jobbar med menneske og det er heilt naudsynt å ha ein bevisstheit kring dette med traumer og psykisk helse. Og kanskje spesielt når ein jobbar med flyktningar. Det var med litt skjerpa auge eg kom på jobben igjen på onsdag. Det var godt det.
Kurset om migrasjonshelse er eit samarbeid mellom UDI regionkontor vest og RVTS Vest, på oppdrag frå Helsedirektoratet.