Aktuelt
– Har du tenkt å ta livet ditt Hassan?
- 19/09/2013
- Av: rvts
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Sjølvmordsførebygging

Av Eli Gunnvor Grønsdal
– Skal de stille Hassan eit direkte spørsmål om han ynskjer å ta livet sitt, eller skal de la det vere, spør psykiatrisk sjukepleier Gudrun Austad frå Fagteam sjølvmordsførebygging på dagskurs ved RVTS Vest.
I den vesle salen sit tilsette frå to ulike asylmottak. Deltakarane skal lære å kartleggje sjølvmordsfare.
– Målet er at dei tilsette skal vere i stand til å handtere og finne ut om nokre av deira klientar står i fare for å gjere sjølvmord, seier Austad som har arbeidd med tema sjølvmordsførebygging i ti år. Det har og hennar kollega Else-Helen Stokkvik.
Svært aktive deltakarar
Dei tilsette frå asylmottaka er svært aktive. Dei kastar seg ut i problemstillingar og føresler risikofaktorar på løpande band;
– angst, depresjon og annan psykisk sjukdom
– einsemd
– tap
– ulike typar sorg
– mobbing
– seksuell legning og så vidare.
Austad som underviser i denne seksjonen let deltakarane komme med sine tankar og refleksjonar. «Kva er teikn på at ein person tenker på sjølmord», spør ho. Forslaga er mange;
– at dei seier det direkte
– at dei endrar åtferd
– at dei trekk seg tilbake
– at vi får ein bekymringsmelding frå andre klientar eller vener
Austad anerkjenner deltakarane sine forslag og noterer på tavla.
– Grunnen til at eg engasjerer deltakarane i så stor grad er at vi vil vise dei at dei har mykje kunnskap sjølve og at dei har evne til både å samtale og handle.
Eksempelet Hassan
Austad går frå å vere Gudrun Austad til å bli 18 år gamle Hassan som bur på asylmottak.
– De er bekymra for Hassan og målet med samtalen er å finne ut om bekymringa er reell og kvalifiserer til å henvise han vidare, fortel ho deltakarane som sjølv skal vere den tilsette. Alle kan samtale med Hassan.
– At vi alle var den andre parten, den tilsette, gav meg tryggleik i å tørre å hive meg frampå, seier Tonni Helland- Hansen frå Arna Mottakssenter.
Ho rosar førelesarane og metodane dei brukar.
– Eg har vore 26 år i «tralten» og det skal vel litt til for å få ny kunnskap, men eg syntes førelesarane var svært flinke til å engasjere oss. Å bruke eksempelet Hassan, var eit godt poeng. Då blei kunnskapen sett inn i ein kontekst og vi fekk sjølv vere med å reflektere. Dei brukte sjølvironi og var veldig menneskelege, som igjen gav kurset puls.
Sjølv opplevd sjølvmordsforsøk
Ein annan deltakar, Mikael Sverdrup, er tilsett på Sund mottakssenter.
– I dette yrket må ein tillate seg å bruke både humor og skjemt. På denne måten held dei oss vakne under heile dagen. Eg likte godt at førelesarane var, i tillegg til fagleg flinke, morosame og baud mykje på seg sjølv.
Sverdrup har sjølv hatt sjølvmordsproblematikken nært på livet.
– For eit år tilbake gjorde ein god venn sjølvmordsforsøk. I dag fekk eg bekrefta at eg den gong gjorde det rette, heilt instinktivt, seier han.
Men han har lært noko nytt i dag, synes han.
– Kurset har vore lærerikt for min del. Bruk av rollespel var veldig effektivt, sjølv om ikkje alle er som Hassan sjølvsagt.
På spørsmål om kvifor gruppa var så aktive i diskusjonar svarer dei;
«Vi er kollegaer sjølv om vi kjem frå to ulike mottakssentre. Vi blir endå sterkare saman».
Austad fortset med eksempelet Hassan og får deltakarane til å reflektere, samtale med kollegaer og kome med løysningar. Austad klarer å engasjere. Ho gjentek stadig; «Er de bekymra?» Deltakarane gjev inntrykk av å bli meir og meir bekymra.
«Ja eg er veldig bekymra», seier ein av deltakarane. «Kor lenge skal eg fortsette å grave», spør ein annan.
– De som hjelparar må klara og stå i samtalen. Ikkje stopp opp når Hassan har fortalt at han vil gjere sjølvmord, men fortsett å snakke med han om kvifor, korleis og når han eventuelt skal gjennomføre planen. Dette vil styrke «saka» hans når han kjem på Legevakten, eller til ein annan akuttinstans.
– Det er farlegare å la vere å spørje direkte om sjølvmordstankar, enn å sei noko feil, sier Gudrun Austad og Else-Helen Stokkvik til deltakarane på veg ut av salen.