Aktuelt
– Omskjering er alle sin buisness
- 20/09/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Kjønnslemlesting Omskjering Traume

Av Eli Gunnvor Grønsdal
– Har vi eigentleg klart å gje viktig informasjon om omskjering her i Noreg? Har vi det, spør spesialkonsulent Chiku Ali deltakarane på temadag om det tabuiserte emnet. Så ristar ho på hovudet.
I sjølvaste formannskapssalen i Sveio kommune sit deltakarar frå ulike stadar i Hordaland. Chiku snakkar høgt og ho engasjerer.
– Kvifor kom de hit i dag, spør ho deltakarane. Dei har ulike svar. Svært mange har høyrt Chiku før og ynskjer å lytte til henne igjen.
«Eg har behov for oppfølging og meir påfyll», «Eg har sett deg danse og tromme tidlegare og no ville eg høyre kva du har å sei» eller «Vi treng kunnskap etter at vi har fått ei bekymringsmelding om eit foreldrepar som har bestemt seg for å ta barnet ut av landet for å omskjerast».
3000 kvinner døyr årleg
Chiku brukar tal for å vise kor utbredt omskjering er.
– 130 millionar er omskjert på verdsbasis. 6000 kvinner blir omskjert, eller står i fare for å bli omskjert, per dag. 3000 døyr av komplikasjonar årleg.
Chiku, som sjølv kjem frå Tanzania, er oppvaksen i ein av dei sju etniske gruppene, av landets 130, som praktiserer omskjering.
– Eg er oppteken av at vi ikkje må setje alle i same bås. Omskjering blir ofte utført innanfor ulike etniske grupper, det har ingenting med religion å gjere som mange trur. Menneske som er oppvaksen med denne skikken, og også dei som utfører inngrepet, treng tid for å endre nedarva haldningar og ritual. Dette er eit komplekst tema.
Vi her i Noreg kan slå i bordet med lover og reglar, men det endrar dessverre lite, eller ingenting.
Chiku fortel at ikkje-etnisk norske foreldre veit at det er forbudt å utføre omskjering i Noreg, men frå å vete, til å stoppe, er to ulike ting. Ho eksemplifiserer med ei lita historie frå barnehageverda.
Ei ikkje- etnisk norsk mor, Fatima, skal levere si dotter. Det oppstår tumultar som ender med at mor, i påsyn av førskulelærar Anita, slår sitt barn. «Nei, nei, nei. Vi slår ikkje våre barn. Det er ikkje lov å slå her i Noreg». Mor tek avskjed og forlet barnehagen. Neste dag er Fatima tilbake og skal igjen levere. I korridoren står også Maria, ikkje- etnisk norsk kvinne, som skal levere sin son. Det oppstår ein situasjon og Maria fiker til guten. Då høyrer Anita Fatima sei til Maria; «Nei, nei, nei du må ikkje slå slik at Anita ser deg, du må slå han når de kjem heim».
– Skam et oss

Chiku fortel at då ho starta å reise rundt for å snakke om omskjering i 1993 kom andre afrikanarar til henne og sa; «Du må ikkje snakke om dette tema til kvite folk. Det er vår hemmelegheit». Men Chiku lot seg ikkje stoppe.
– I min landsby betyr det å ikkje vere omskoren at du er ei halv kvinne og at du kan ikkje kan føde barn. Om du føder, vil barnet ditt døy. Om du ikkje blir omskjert i mi etniske gruppe, blir du utstøtt, ikkje berre av innbyggarane i din eigen landsby, men også av alle nærliggande landsbyar. I min stamme betyr det heile 22 landsbyar.
Chiku fortel at det i eksempelvis Somalia er ein annan form for «straff» og det er SKAM.
– Omskjering er meir ein rituell handling, kor formålet er at jenta skal vere jomfru når ho giftar seg. Om jenta ikkje innfrir, er ho ein skam for heile slekta. Eg har møtt somaliske jenter som uttalar «skam et oss».
I svært mange samfunn i Afrika står trua på forfedrene sterkt. Det meste som skjer av ulykker, og andre triste omstende, er straff frå forfedrene våre, fortel Chiku.
– Når ei gammal kone, som har nedarva sitt «yrke» som omskjerar, er nesten blind, og i tillegg har ein sløv kniv og kuttar hovudpulsåra til ein baby under ritualet, då tenkjer ikkje mor at det var på grunn av kniven og fordi den gamle har dårleg syn at babyen døydde, men på grunn av forfedrene si vrede. Slike faktorar er viktig å ha med seg når ein skal førebygge at jentebarn blir omskorne.
Vi snakkar ikkje om vaginaen vår
– Når foreldre tek barnet ut av landet for å få dei omskorne, har vi her i Noreg, med våre lovar og reglar, tapt kampen. Eg veit at det foregår. Vi må derfor sjå på problematikken kring omskjering i eit vidare perspektiv. Ikkje før vi inkluderer bestemødre i eksempelvis Kenya eller Tanzania i førebyggande føremål, kan dette stoppe.
Chiku formeleg dansar når hun snakkar. Ho viftar med armane, står framoverbøyd og snakkar høgt og tydeleg. Det er heilt stille i rommet.
– Vi her i Noreg går ikkje rundt og snakkar om vaginaene våre. Det er tabu. Slik er det også andre stader. Vi må løfte tema ut og opp i lyset kor vi kan snakke om ein heilskapeleg tilnærming til kultur. Vi må snakke om gode ting og om dårlege ting. Det nyttar ikkje berre å ha kunnskap om omskjering, men ein må også ha kunnskap om alt det rundt.
– I Vesten har vi en tendens til å tenkje at desse rituala føregår blant fattige folk på landsbygda som er utan utdanning, seier Chiku. – Dette stemmer ikkje. Vi kan sjå til mitt land Tanzania. Chaga- stamma er velutdanna og har god økonomi. Likevel fortset dei sine ritual med omskjering av jentebarn.
Chiku avsluttar med å fortelje at omskjering føregår i store delar av verda, med hovudvekt på Afrika.
– 22 land i Afrika har no forbudt omskjering av jentebarn. Det betyr ikkje at det er slutt. Førebygging er alfa omega. Når først omskjeringa er skjedd, kan den aldri omgjerast. Til dykk alle; omskjering er alle sin buisness.
Valde sjølv å bli omskoren

I salen sit Fatun, opprinneleg frå Somalia. Ho har budd på asylmottaket i Sveio i to år.
– Heime i Somalia dreiv eg med den type opplysningsarbeid som Chiku gjer, fortel ho. – Eg har sett kor store lidingar dette kan medføre og all den skamma vi blir utsett for.
Fatun fortel at mødrene er dei som ivrar mest for at døtrene skal bli omskorne.
– Det er som oftast mødrene som tek sine døtre for å bli omskorne. Men det fins unntak. Ei jente eg gjekk på skule med, hadde ei mor som valde å stå imot presset. Problemet var at klassevenninna mi blei så mykje mobba at ho til slutt sjølv valde å få utført inngrepet.
Men praksisen er i ferd med å endrast, fortel Fatun.
– I dagens Somalia ser vi no ei trend der gutane også ønskjer seg jenter som ikkje er omskjert. La oss krysse fingrane for at denne trenden fortset og at mødre etter kvart forstår kva dei utset døtrene sine for.
I Somalia er det vanleg å utføre den aller verste forma for omskjering, infubulasjon. Inngrepet består i at ulike mengder av klitorishovudet og indre kjønnslepper vert fjerna, innsida av dei ytre kjønnsleppene vert skrapa og sydd saman slik at heile kjønnsorganet vert dekt av eit hudsegl.
– På bryllupsnatta skal mannen «sprenge» opp kvinna for å bevise at ho er jomfru. Dette fører til store smerter, både for han og henne, men mest for kvinna sjølvsagt. Nokre gongar feilar dette. Då må mannen sjølv setje eit teikn på husdøra og kvinnen blir frakta til sjukehus, fortel Fatun.