Aktuelt
Eitt bein i kvar leir
- 17/09/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging
Av Eli Gunnvor Grønsdal
«Å ha eitt bein i det kliniske og eitt i teorien er ein nødvendigheit når eg skal undervise andre», seier psykologspesialist i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon, Sylvi R. Fiskerstrand.
Sylvi sitt spesialfelt er klinisk vaksenpsykiatri.
– Eg arbeider 40 prosent på poliklinikk og resten av tida på RVTS Vest, kor eg har vært så langt tilbake som då eg var student. Eg har erfaring både frå arbeid på PPT, med flyktningar og frå sengepost på Sandviken Sjukehus.
Sylvi er opptatt av, og underviser i, traumebehandling og traumeforståing.
– Eg må heile tida oppdatere meg og kan bruke metodane eg underviser i, i mitt eiga arbeid med klientane på poliklinikken. På denne måten får eg praktisera teorien min.
Sylvi fortel at det krev at ho held seg oppdatert fagleg innanfor temaområdet traume.
– At eg har 60 prosent stilling på RVTS Vest gjer at eg får tid til å sette meg ned og lese oppdatert faglitteratur. Dei fleste som er i klinisk arbeid har fullt opp med vanskelege saker og får lita tid til å studere på eiga hand.
Å arbeide med traume
Sylvi arbeider med traume både i forhold til flyktningar og etnisk norske.
– På ein poliklinikk treff vi alle typar menneske, frå alle sosiale lag. Felles er at dei eg arbeider med har opplevd eitt, eller ofte, fleire traume i livet. Dei som har opplevd relasjonelle traume, kor barndommen ofte har vore fylt med vald, overgrep og eller andre former for omsorgssvikt, er dei mest utfordrande å handtere. Då må vi arbeide med eit samansett symptombilde, over lang tid. Dette er ofte klientar med kompleks traumatisering eller personlegdomsforstyrringar.
Sylvi blir sjeldan overvelda i møte med svært sjuke klientar.
– Det hjelpe mykje å ha kunnskap i møte med klientar som kanskje er sjølvmordsnære, som sjølvskadar eller har utagerande åtferd. Det krev at du som behandlar sjølv veit kor du står og opptrer profesjonelt i møte med klienten. Det er klart at eg kan bli lei meg, eller føle med pasienten, men eg må kunne styre min eigen empati og ikkje bli fanga i klienten si fortviling.
Ein kjekk jobb
– Det aller kjekkaste med jobben er møte med alle menneska. Vanlige folk, med svært uvanlige opplevingar.
Sylvi meiner ho er privilegert som får bli godt kjent med sine klientar.
– Å få kjenna deira historie, få innsikt i korleis folk tenkjer og å sjå på korleis ting heng saman, er eit privilegium. Etter som tida går får eg stadig fleire erfaringar og kan lettare gjenkjenne symptom og handlingsmønstre. På denne måten kan eg også dele med klientar at det han, eller ho, opplever ikkje er så uvanleg.
Sylvi er opptatt av tydeligheit i møte med klienten.
– Med erfaring kjem også tryggleiken hos meg og eg kan stå fram som ein tydelig fagperson. Menneske som har opplevd traume har ofte behov for tydelige og strukturerte personar rundt seg som viser omsorg.
Tilsette treng kunnskap og påfyll
Sylvi kunne ønske at fleire fekk systematisk opplæring og innsikt i traumeforståing og traumebehandling.
– Eg ser at tilsette, for eksempel i institusjonar, skulle hatt meir kunnskap om traume. Dei har ofte klientar som har vore utsatt for grove krenkelsar i oppveksten og flyktningar som har opplevd krig, fengsling og tortur.
I tillegg til undervisning og klientarbeid, arbeider Sylvi med rettleiing av fagpersonar som arbeider direkte med menneske som er utsatt for traume, for eksempel tilsette på asylmottak.
– At eg har ein fot i kvar leir, er svært nyttig når eg skal møte dei som arbeider direkte med denne gruppa menneske. Klientane slit ofte med flashbacks, depressive symptom og har mykje angst. Dei tilsette kan ha innsikt og kunnskap om symptom og åtferd, men slit med og «oversette» det dei ser, til konkret hjelp. Då kan det vere nyttig å få rettleiing til å rydda opp i tankane og å få råd om tiltak som kan gjera kvardagen lettare, både for klient og tilsett.
Å regulere seg sjølv
Sylvi har sine metodar for å regulere sine erfaringar i møte med traumatiserte klientar.
– For det første hjelp det stort å få nokon års erfaring på baken. I tillegg har eg laga meg eit system kor eg prøver å reguler mellom kvar time eg har med klientane. Etter endt arbeidsdag skriv eg journalnotat før eg går heim. Eg sjekkar timeavtalene mine for neste dag, slik at eg mentalt er forberedt på kva klientar eg skal møte.
I tillegg spaserer ho til og frå jobb.
– For meg hjelper det «å gå det av meg». På den måten reflekterer eg og styrer tankane over på daglige gjeremål som henting i barnehage, innkjøp av mat og kva familien skal ete til middag. Det er kanskje lettare å avleie tankane for ein som har familie å aktivisere seg med, enn å være aleine, seier småbarnsmora som nett er kommen tilbake frå barselpermisjon.