Sosial støtte og inkludering er så viktig!

Menneske treng menneske! Filmen har ein enkel bodskap som tuftar på eit rikt kunnskapsgrunnlag om kor essensielt det er for menneske å høyra til og vera ein del av eit fellesskap.

Filmen er for alle som har kontakt med menneske som deltek lite i samfunnsliv og frivillighet. Tematikken passer for alle som på ein eller annan måte møter menneske som kjem frå andre kulturelle bakgrunnar og/eller har lite nettverk og står i fare for å verta isolert. Kunnskapsgrunnlaget er like viktig for rådmenn og leiarar i kommunal sektor, som for alle tilsette i oppvekst og frivillige organisasjonar. 

  • Kanskje du tenkjer at det ikkje er ditt ansvar…men kva om du er den einaste som ser at foreldra til barna er utan nettverk? Kva kan du gjera då? 
  • Kanskje du tenkjer at sosiale fellesskap berre er dei frivillige sitt ansvar, men dei frivillige veit ikkje kven som kjem til kommunen. Nokon må introdusera dei for ulike sosiale tilbod. Kan du gjera det? 
  • Er det nok sosiale møteplassar utanom organiserte aktivitetar i kommunen? 
  • Ofte stenger det meste i alle feriar, det gjev grunn til uro på vegne av familiar med lite nettverk. Korleis kan du arbeida for at kommunen har tilbod året rundt? 

©2023. RVTS Vest

Frå flukt til fellesskap er laget på samme plattform som rvtsvest.no.

Tilgjengelighetserklæring
Personvernerklæring