Den viktige starten i ny kommune

Det aller viktigaste er å bli tatt imot med varme og vennlighet, å få bety noko og å få bidra så tidleg som mogleg.

Filmen gjev enkle og nyttige svar på litt store spørsmål. Nyare forsking og undersøkingar bekrefter tidlegare kunnskap, og kan brukast direkte i møte med menneske som kjem frå flukt.  Venting er vanskeleg, og isolasjon kan gjera menneske sjuke.  

Filmen passer for alle som kjem i kontakt med menneske frå flukt. Både profesjonelle, innbyggjarar/naboar og frivillige. Vi viser til enkle, men viktige grep basert på forsking og at me har lytta til menenske som kjem til landet vårt frå andre kulturar. 

  • Korleis kan du bruke dette kunnskapsgrunnlaget når du er saman med flyktningar?
  • Er det noko du vil eller kan forandre i ditt arbeid etter å ha fått denne oppdateringa på kva som er viktigast i starten i ny kommune?
  • Kva opplever du som utfordrande?
  • Skriv ned 3 “grep” du vil gjera i dine neste samhandlingar med elevar/foreldre. 

©2023. RVTS Vest

Frå flukt til fellesskap er laget på samme plattform som rvtsvest.no.

Tilgjengelighetserklæring
Personvernerklæring