Samarbeid med foreldre

Korleis samarbeida når foreldre viser utrygghet eller vegrer seg for å ta imot hjelp?

Uansett kor dyktig du er, hjelper det lite visst du ikkje tryggjer foreldra undervegs. Den medmenneskelege dimensjonen hand i hand med det faglege er ein god kombinasjon i møte med menneske som har det vanskeleg. 

Me retter fokus på dei situasjonane som kan opplevast utfordrande både for foreldre, barnehage/skule eller hjelpetenester. Me gir konkrete råd til korleis ein kan tryggja utrygge foreldre i samarbeidet, til dømes når fagfolk vurderer at barnet deira har utviklings-utfordringar.  

Filmen eignar seg særleg godt til barnehage/skule og hjelpetenester/helsetenester som PPT, BUP, barnevern og fastlege, som skal hjelpa foreldre når barnet deira treng ekstra støtte/hjelp.  

  • Fekk du nokre nye refleksjonar når du lytta til denne filmen? Del med kollega.  
  • Kva var mest nyttig for deg?  
  • Kva tenkjer du om det me seier om å “bruka god tid” og å jobba annleis/tilpassa hjelpa? 
  • Kva kan du endra på for å tryggja foreldre som har sagt nei fordi dei er usikre eller ikkje forstår? 

©2023. RVTS Vest

Frå flukt til fellesskap er laget på samme plattform som rvtsvest.no.

Tilgjengelighetserklæring
Personvernerklæring