Om nettsida

På nettsida finn du dei ni filmane som utgjer kompetansepakken "Frå flukt til fellesskap". Du finn også litteratur og lenker til andre ressursar.

Om nettsida

Frå flukt til fellesskap

Frå flukt til fellesskap er ein kompetansepakke til deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn/unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn, og særleg familiar som har flukterfaringar.  

RVTS Vest ynskjer å bidra til at du kan kjenna deg så trygg som mogeleg i møte med familiar med fluktbakgrunn. Starten i barnehage/skule og fritidsaktivitetar i ein ny kommune kan ha stor betydning for korleis barn/unge og foreldra har det i kvardagen sin.

Kompetansepakken gir deg meir kompetanse og fagleg trygghet i møte med barn og unge som kjem frå krig og flukt. 

Vårt fokus er å trygge deg gjennom å fokusere på den mellommenneskelege dimensjonen i ditt faglege arbeid med flyktningefamiliar.  

Bakgrunn

Bakgrunnen for at vi utvikla Frå flukt til fellesskap er behov for kompetanse og veiledning i kommunale tenester knytt til eit aukande tal flyktningar. Innhaldet i kompetansepakken er basert på henvendingar som RVTS Vest har fått frå tenestene.

Korleis bruke filmane

Sjølv om filmane er laga med tanke på barnehage, grunnskule og hjelpetenester, kan dei gjerne brukast til kommunetilsette generelt, vidaregåande skule, tilsette innan helse, frivillige, innbyggjarar og som undervisning i utdanningsløp både på fagarbeidarnivå og høgskulenivå.   

Filmane heng saman, og kan sjåast frå start til slutt. Filmane kan også sjåast ut frå kva tema du ønskjer meir kunnskap om. Refleksjonsspørsmåla som høyrer til kvar film, kan nyttast individuelt og/eller i personalgrupper.

Filmane

  • Den viktige starten i ny kommune
  • Gode grep i barnehagen
  • Samarbeid med foreldre
  • Sosial støtte og inkludering er så viktig!
  • Kultursensitivitet
  • Migrasjon og flukt
  • Å ta imot barn med flyktningebakgrunn
  • Foreldre=ressurs
  • Gode grep i skulen

 

Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapsgrunnlag som er brukt i kompetansepakken: 

  • Bath H (2015)  The Three Pillars of TraumaWise Care: Healing in the Other 23 Hours.  file:///L:/Skole/Fag%20lit/Bath%203%20pillars%2023_4_Bath3pillars.pdf 
  • Dybdahl R., Christie H. J., Eid J. (2006) Psykososialt arbeid med barn og familie som er asylsøkere og flyktninger i Norge.  
  • Hayward M. (2017) Teaching as a primary therapeutic intervention for learners from refugee backgrounds. Intercultural Education 28(1):1-17 
  • Kumar, Loveleen (2001). Djulaha! Om å forstå annerledeshet. Høyskoleforlaget.  
  • Kumar, Loveleen (1997). Mulighetenes barn, å vokse opp med to kulturer. 
  • Kåsin, O. (2008). Flerkulturell – hva er de og hvem er de? I A. M. Otterstad (Red.), Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold : fra utsikt til innsikt (s. 55-77). Universitetsforl.  
  • Rugkåsa, M. (2008). Majoriteten som premissleverandør i “flerkulturelt” arbeid. I A. M. Otterstad (Red.), Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold : fra utsikt til innsikt (s. 78-95). Universitetsforl. 
  • Montgomery, E. et al. (2010) Trauma and resilience in young refugees: A 9-year follow-up study Development and Psychopathology 22(2):477-89 
  • Nordanger, Dag Øystein, Braarud, Hanne cecilie (2017). Utviklingstraumer – regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget. 
  • Solberg, Ø., Nissen, A., Cauley, P., & Andersen, A. J. (2020).  Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. (Rapport 1/2020). Mental health and quality of life among refugees from Syria after forced migration to Norway: Main findings from the REFUGE study 

Kontakt

Dersom du ynskjer meir informasjon om korleis du eller din arbeidsplass kan nytte Frå flukt til fellesskap, så kan du kontakte fagansvarleg for kompetansepakken, Beate Gauden.

E-post:

beate.gauden@helse-bergen.no

For tekniske spørsmål om nettsida:

rvts@helse-bergen.no

©2023. RVTS Vest

Frå flukt til fellesskap er laget på samme plattform som rvtsvest.no.

Tilgjengelighetserklæring
Personvernerklæring