Gode grep i barnehagen

Barnehagearenaen er fantastisk både som inkluderingsarena og som plass for den gode leiken som er så viktig for all utvikling.

Her finn du konkrete og verksame grep alle tilsette i barnehagen kan jobba med i møte med små barn. Stikkord er Trygghet – Relasjon – Regulering, dei sentrale ingrediensane i traumebevisst omsorg.  

Filmen passer for alle tilsette i barnehage, og hugs å visa den til vikarar! Innhaldet er også aktuelt for tilsette i skule, hjelpetenester som helsesjukepleiar og barnevern, innbyggjarar og frivillige.  

  • Korleis legg de tilrette for den utviklingsfremjande leiken i din barnehage?  
  • Finn eksempel på at barnehagekvardagen din inneheld trygghet – relasjon – regulering for barna. 
  • Drøft innhaldet i begrepa regulering og smerteuttrykk i personalgruppa.  
  • Korleis forstår de urolege barn? Korleis forstår de frustrerte barn?  
  • Veit du korleis du kan hjelpa barn med reguleringsstøtte?  
  • Kva var det viktigaste du lærte av denne vesle filmen? 

©2023. RVTS Vest

Frå flukt til fellesskap er laget på samme plattform som rvtsvest.no.

Tilgjengelighetserklæring
Personvernerklæring