Aktuelt
Annerledesvåren
- 25/06/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Integrering Korona omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Psykososial beredskap Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Skadelig seksuell atferd Skole Traume Traumebevisst omsorg
Foto: Blake Meyer / Unsplash
Denne våren har vore utanom det vanlege. Reiseverksemd og undervisning vart erstatta med heimekontor og digitale møter.
Tenestene vi skal støtte har vore utfordra med omsyn til å vere tilgjengelege og gi god hjelp til sine brukarar. Med visjonen vår «Trygge fagfolk, kloke handlingar» skal vi bidra til at fagfolk blir handlekraftige, kunnskapsrike, trygge og samhandlande i møte med brukarar og på tvers av tenester. Det har difor vore eit viktig fokus for oss, å vere synleg og tilgjengeleg for tenestene i situasjonar kor dei treng vår bistand.
Auka digital formidling
Denne våren har vi hatt fokus på å fortsette med det vi vanlegvis gjer, berre på nye måtar. På nettsida oppretta vi ei side med informasjon om vår drift, samt råd og hjelp i samband med pandemien. Vi laga også råd til skulane, både under skulestenging og i samband med skuleoppstart. Vi har vore aktive i sosiale media og i avis, TV og radio gjennom fleire kronikkar og intervju. Vi har laga nyheitssaker, filmar og podkastar med informasjon relatert til pandemien og våre temaområde.
Sjølv om noko av vår planlagde undervisning måtte avlysast, har vi også tilpassa ein del undervisning til nett. Eit eksempel er den anerkjende utdanninga Sensorimotorisk psykoterapi nivå 2, kor den tre dagar lange samlinga i juni måtte tilpassast webinar-format. Samarbeidet gjekk på tvers av land, med forelesar i England, og assistentar både i Noreg og Irland.
Undervisninga Vi ser, vi handlar for Kvinherad kommune, er eit eksempel på godt digitalt samarbeid med kommunen, som gjorde det mogeleg å fortsette undervisninga om traumebevisst omsorg for tilsette i eining Barn og familie.
Psykososial beredskap
Vi har hatt fokus på å vere tilgjengeleg for tenestene, særleg når det gjeld psykososial beredskap og støtte til sårbare grupper. Vi har blant anna vore med i ei korona-gruppe, kor vi har hatt rettleiing for tilsette på intensiv og AMK, saman med bedriftshelsetenesta og psykologar ved Smerteteamet i Helse Bergen. I tillegg har vi hatt avlastningssamtalar for tilsette ved sjukeheimar. Vi har også kontakta dei kommunale kriseteama i region vest, for å høyre kva behov dei har for vår kompetanse i denne perioden.
Vi har delteke i ei nasjonal nettverksgruppe kor alle RVTSane har vore viktig for å utveksle erfaring på tvers av regionane. Nettportalen psykososialberedskap.no vart vidareutvikla av RVTS Øst, med oppdatert informasjon i samband med pandemi. Denne har vi formidla til kommunane i vår region.
Meir tid til utviklingsarbeid og samarbeid
Som ein konsekvens av mindre reising og undervisning under pandemien, har vi også hatt større muligheit til både utvikling og ferdigstilling av ulike prosjekt.
Kartleggingsverktøy og spørreundersøking
Vi har jobba med å omsette kartleggingsverktøyet PROFESOR til norsk. Kartleggingsverktøyet er til bruk i arbeid med barn og unge som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar. Omsettingsarbeidet er gjort i samarbeid med ressursenhet V27 ved Betanien sykehus og utviklar Dr. James Worling.
Det nettbaserte spørreskjemaet TANDEM har også blitt ferdigstilt denne våren. TANDEM står for «Trauma and Development Education Monitor» og er utvikla av CACTUS-nettverket, som består av representantar frå dei fem regionale RVTS, NKVTS, Østbytunet og Statens barnehus. Spørreskjemaet skal vere ein felles ressurs og driftsstøtte for verksemder som driv kompetanseprogram retta mot å utvikle traumeforståing og -kompetanse i tenester for barn og unge.
Film og kampanjar
Vidare har vi også laga fleire undervisningsfilmar, både relatert til pandemien og elles. Toleransevinduet for voksne og Geparden, skilpadden og supersonen (Toleransevinduet for barn) vart laga i samanheng med pandemien. Formålet med filmane er å vere ein hjelp, særleg for barn og vaksne som er engstelege under pandemi. Filmane kan også nyttast ved andre tilfelle.
I vår vart Snakke sammen relansert. Dette var eit samarbeid mellom alle dei regionale RVTS, og det vart laga Facebook-kampanje, webinar og nyhetssak. I samband med relanseringa, laga vi også to filmar kor formålet er å senke terskelen for å opprette brukarprofil og å spille på Snakke sammen.
Denne våren har også Helse Vest delt kampanjen «Snakk om selvmordstanker – det kan redde liv». RVTS Vest er samarbeidspartner i dette arbeidet, og vi har vore opptekne av å formidle det viktige bodskapet i våre kanalar.
Haust
Vi opnar sakte opp igjen for normal drift i løpet av september. Sjølv om vi dessverre måtte utsetje programmet for årets septemberkonferanse til 2021, planlegg vi ein del mindre fysiske seminar til hausten.
Eit høgdepunkt, som også er vemodig, er eit seminar kor vi takkar av våre kollegaer Reidun Dybsland og Inge Nordhaug, som no pensjonerer seg. Dei har vore tilsett ved RVTS Vest sidan senteret starta opp i 2007. Begge har brei erfaring og lang fartstid frå arbeid med utsette barn og unge. Dei har vore sentrale i utvikling av fagfeltet og reknast som bautaer når det kjem til samtalar med barn og unge. Vi skal takke dei av med eit seminar som set fokus på både deira yrkeskarriere og innsats, samt det viktige fagfeltet dei begge har gått i bresjen for.
Samstundes kan vi glede oss over nye tilsetjingar. Psykologspesialist Eva Mørch er tilsett som prosjektleiar for å utvikle ein kompetansemodul i det nasjonale rus og vold-prosjektet.