Aktuelt

Illustrasjonsfoto: Taylor Wilcox, Unsplash

Denne våren har det vore unntakstilstand på norske skular. Skulane har vore stengt i fleire veker og både elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette har måtta tileigna seg ny kompetanse.

Når elevane kjem tilbake til skulen kjem dei tilbake til en forholdsvis lik skulekvardag som før stenginga. Men, skulekvardagane dei har hatt i mellomtida har vore ulik for alle. For nokre har dette vore ei vanskelig tid, for andre bra, og for andre igjen heilt middels. Dette kan også gjelde lærarar. Nokre kan tidlegare ha strevd med den vanlige klasseromundervisinga, men fått til god kontakt med elevane på digitale plattformar. Andre kan ha opplevd god mestring i arbeidet før stenginga, men kan ha opplevd den digitale lærarrolla som utfordrande. For mange har det vore krevjande å skulle handtere jobbrelaterte oppgåver og samtidig skulle følgje opp eigen familie og eigne barn.

For å få ein så god start som mogeleg, samtidig som ein tek på alvor den påkjenninga denne perioden kan ha vore for både elevar og tilsette, er det viktig at skulane legg til rette for samtalar der både elevar og tilsette får anledning til å snakke om sine reaksjonar og erfaringar.

Vi har difor laga råd for lærarar og skuleleiarar kan samtale med elevar og tilsette.

Råd kring opning av skular

Til lærarar og skuleleiing