Aktuelt
SNAKKE – samtalehjelp til deg som er bekymra for eit barn
- 10/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Fra plan til handling Kommunen sitt arbeid med forebygging av vald Kunnskapsportal omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Ressurs på nett Ressurser for avdekking av seksuelle overgrep Seksuelle overgrep Traume Utviklingstraumer Verktøykassen Vold

Det kan vere vanskeleg å snakke med barn ein er bekymra for. Difor har dei regionale RVTS i samarbeid utvikla den digitale opplæringsplattformen “SNAKKE”.
Reidun Dybsland, barnevernpedagog og spesialkonsulent ved RVTS Vest har vore ein av fagfolka som har utarbeidd SNAKKE.
– Eg har tru på at denne portalen vil vere eit godt verktøy som kan gjere fagfolk tryggare i å snakke med barn dei er bekymra for, seier Reidun som også er med i fleire av filmane knytt til portalen. – Eg oppmodar folk til å inn på portalen for å lese kva det går ut på og teste ut spelet som ligg der, seier ho.
SNAKKE skal auke fagkunnskap, men primært gi handlingskompetanse hos alle hjelparar som arbeider med barn. Prioritert målgruppe i 2018 er barnehagetilsette, og eit opplæringsprogram vil starte i alle regionar.
SNAKKE er eit opplæringsprogram som skal ut i kommunane i regi av RVTS. Dette arbeidet er i gang og vil skje parallelt med evalueringar av nytteeffekt og bruk. Plattformen vert lansert tidleg i utviklingsprosessen, og utprøving og implementering skal vere ein dynamisk prosess der vidareutvikling skjer fortløpande.
SNAKKE har fleire delar; SNAKKELAB, SNAKKEsim og kunnskapsdelen LærMer.

I SNAKKELAB vert det vist filmar av barn i samtale med ein vaksen. Samtalen er meint som læring og inspirasjon til å reflektere over eigen kunnskap og eigne kjensler. Kva kan eg møte i ein slik samtale? Ville eg valt den same tilnærminga som på filmen eller vil eg å gjere noko anna? Er vi samde om korleis vi gjer det hos oss?
SNAKKEsim er simulering av samtalar med barn. Du går inn i rolla som en vaksen stilt overfor barn du tenker kan ha blitt utsatt for overgrep, vald eller annan form for omsorgssvikt. Gjennom ein simulert relasjon kan du øve deg på bedre dialog med barn og unge.
I LærMer kan du lese meir om korleis samtale med barn, kva ansvar ein har og korleis ein kan forbetre seg.
Kjelde: snakkemedbarn.no
Sjå promovideo:
10. april vart SNAKKE lansert på konferansen “Trygg der jeg bor” i regi av RVTS Øst. 22. mai vert SNAKKE presentert på konferansen “Fra plan til handling” i regi av RVTS Vest.
Alle RVTS skal ha konferansar i løpet av våren, kor SNAKKE vert presentert.
For fagfolk i vest, ta kontakt med RVTS Vest dersom du har spørsmål. Eller send e-post til info@rvts.no
Relevant
Sak om SNAKKE på Barne- og likestillingsdepartementet sin nettside.