Aktuelt
Med fokus på veteranar og deira familiar
- 22/08/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Konferanse Traume Undervisning Veteran
– Traumatiserte og skadde veteranar er svært ofte dårlege på å dele informasjon om si eiga helse.
I midten av oktober arrangerer vi regional konferanse om veteranar og deira familiar i Bergen og i Stavanger.
Arve M. Aasbak er ein av dei som skal dele si historie på konferansen. Arve er sjølv veteran frå Libanon, og var blant anna med som einaste nordmann i ei lita FN-gruppe på sju mann som hadde ansvaret for eskorte og livvaktteneste for fredsutsendingar i Beirut under borgerkrigen i 88-89. Opplevingane han hadde der var valdsame og tenesta svært krevjande. Dette førte til at han måtte ha lang behandling i åra etter endt teneste. I dag jobbar han som informasjonsmedarbeider i Veteranforbundet SIOPS (Skadde i internasjonale operasjoner).
På spørsmål om kvifor det er viktig med kunnskapsauke når det gjeld kva utfordringar veteranar står oppe i, svarar Arve:
– Riksrevisjonen sin rapport frå juni 2014 viser at over 10 % av veteranane frå Afghanistan mottek anten dagpengar, arbeidsavklaringspengar eller sjukepengar. Dette er personell med betydelig «merhelse» som er spesielt godt selekterte. Behovet for bistand er med andre ord stort!
– Tala og undersøkingane som Forsvaret har gjort (sjå faktaboks under) gjev ein klar indikasjon på etterspurnad etter kunnskap om dette temaet i Helse-Norge. Fastlegar og 1. -2. line i psykiatrien representerer gruppene kor behovet for kunnskap er størst. Traumatiserte og skadde veteranar er svært ofte dårlege på å dele informasjon om si eiga helse og bakgrunn. Ofte ser ein at symptom på PTSD ikkje vert fanga opp. Vi har fleire døme på at helsepersonell som har behandla veteranar med PTSD kun har sett dei tradisjonelle følgesymptomane som angst, depresjon, sømnproblem, isolasjon og generelt høgt stressnivå, og behandla desse enkeltvis utan å sjå det store biletet. Dette resulterer ofte i feilbehandling; veteranen vert medisinert framfor å få adekvat behandling. Ofte, som dei høge tala viser, er det dessverre ein utstrakt sjølvmedisinering i form av alkoholmisbruk.
Venke A. Johansen er leiar for den regionale nettverksgruppa her i vest som har planlagt denne konferansen.
Kvifor ønskjer de å arrangere ein konferanse med fokus på veteranar og deira familiar?
– Vi ønskjer at konferansen kan bidra til å gje ei auka forståing for kva krigsteneste kan medføre både for den enkelte som tenestegjer, men og for deira nære familie. Arbeidet med å førebyggje skader for den enkelte tenestemann og -kvinne, og god oppfølging av dei som får problem, involverer mange aktørar. Konsekvensar for dei næraste, spesielt for partnar og barn har fått auka merksemd den siste tida. Ivaretaking av pårørande er eit felles samfunnsansvar som føreset felles forståing og samarbeid på tvers. Ansvaret for å ivareta dette viktige aspektet involverer fleire sektorar og aktørar, difor er målgruppa for konferansen brei.
– Anten ein jobbar direkte med behandling av veteranar og deira familiar, eller ein møter pårørande av veteranar, til dømes som lærar til ein elev med ein far som er veteran, kan denne konferansen vere for deg, seier Venke.
– Samstundes har dette arbeidet fått ny aktualitet om ein ser på den nyleg publiserte Riksrevisjonens undersøkelse av ivaretakelse av veteraner fra internasjonale operasjoner (lenke under). Denne viser eit varierande tilbod og til dels lange ventetider som gjer at veteranar med psykiske plagar i mange tilfelle ikkje får den hjelpa dei treng, avsluttar Venke A. Johansson.
– Vi har laga eit program vi håper vil treffe målgruppa godt. Vi har representantar frå Forsvaret, RVTS, Familievernet, NAV og SIOPS (Veteranforbundet SIOPS, Skadde i internasjonale operasjoner) som saman skal belyse arbeidet med veteranar og deira familiar. – Ikkje minst skal Arve Marcelius Aasbak og ei dotter av to foreldre med veteranbakgrunn fortelje sine historiar.
Les meir om program, førelesarar og meld deg på konferansenLes: Riksrevisjonens undersøkelse av ivaretakelse av veteraner fra internasjonale operasjoner
Sjå: – Ikke rustet til å behandle soldater som vender hjem, nyhetsinnslag i NRK Dagsrevyen