Treng arbeidsplassen din oppdatert kunnskap? Vi tilbyr undervisning om vald og traumer, psykososial beredskap, flyktninghelse og sjølvmordsførebygging.
Konsultasjon
Vi gir konsultasjon og rettleiing innanfor temaområda vald og traumer, psykososial beredskap, flyktninghelse og sjølvmordsførebygging.
Tenesteutvikling
Korleis bli betre i møte med brukarane? Gjennom formidling av kunnskap, utvikling av ferdigheiter og refleksjon kring haldningar, vert praksis forbetra.
Følg vårt nyhetsbrev!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få informasjon om kurs, konferansar og andre nyheter frå senteret!
Vi har gleda av å invitere til eit foredrag med Ana Carla Soares Portugal Schippert, operasjonssjukepleiar og ph.d. i helsevitenskap.
Når:
29. januar 2025, kl. 13:00–15:00
Kor:
Teams
Program:
13:00–14:00: Presentasjon
14:00–15:00: Spørsmål og diskusjon
Tema:
Førebygging av retraumatisering av torturoverlevarar i somatikken
Ana Carla Soares Portugal Schippert har gjennom sitt doktorgradsarbeid og sin kliniske erfaring belyst korleis torturoverlevande kan bli betre ivaretatt i helsevesenet.
Ho har forska på retraumatisering av torturoverlevarar under kirurgisk behandling og utvikla retningslinjer for å førebygge slike belastningar i somatisk helsevesen.
I løpet av presentasjonen vil ho dele innsikt frå sitt arbeid, inkludert konkrete anbefalingar for helsepersonell. Foredraget blir etterfølgt av ein open diskusjon der det er mogleg å stille spørsmål og drøfte tematikken.
Deltakarane frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane er nøgde med kompetanseprogrammet. F. v: Anja Korneliussen (leiar), Ann-Sissel Tresnes og Oda Marie Hugaas Helland.
Vi held på med å pilotere eit kompetanseprogram om korleis drive mestrings- og stabiliseringsgrupper for menneske med traumesymptom.
Det er Jorunn Helle, Linda Thomassen og Sanne Bach som har utarbeidd kompetanseprogrammet.
– Målsettinga med programmet er både å auke den generelle kompetansen i kommunane når det gjeld traumer, og at det vert sett i gang grupper på kommunalt nivå, seier Jorunn Helle.
– Det er derfor viktig at deltaking er forankra i leiinga og at det er ein plan for korleis leggje til rette for å etablere ei slik gruppe.
Frå venstre: Jorunn Helle, Elisabeth Harnes, Linda Thomassen og Sanne Bach. Elisabeth hadde førelesning om kultursensitiv tilnærming denne dagen.
Kva er det ein lærer ved å delta på kompetanseprogrammet?
– Deltakerne får generell kunnskap om traumelidingar og traumesymptom, samt kunnskap om verktøy for å handtere desse, fortel Jorunn. – Dei vil også lære å leie og gjennomføre grupper der fokuset ikkje er på sjølve den traumatiske hendinga, men på auka forståing og betre handtering av traumesymptom. Målet er å auke gruppedeltakarane si meistring og livskvalitet i kvardagen.
– Det har vore veldig bra. Veldig lærerikt. Vi kan ein del om temaet frå før, men vi går meir i dybden i kompetanseprogrammet, seier Oda Marie.
– Ja, og det er veldig systematisert korleis ein skal halde gruppa og leggje det opp, seier Ann-Sissel. For min del er det bra at det er strukturert, for då kan ein enkelt bruke det som ein mal. Det er praktisk nyttbart, samtidig som det er lagt opp slik at ein kan tilpasse det til målgruppa ein har.
Oda Marie er einig.
– Ja, det er veldig gjennomførbart. Vi kan lage ein plan på korleis vi kan gjennomføre gruppene. Vi får tilgang til mange gode tips og triks.
– Eitt av krava er at ein skal starte grupper, seier Ann-Sissel. – Men vi har også praktisk nytte i arbeidskvardagen av det vi lærer her, i møte med den enkelte.
Denne dagen har Elisabeth Harnes frå RVTS Vest førelest om kultursensitiv tilnærming.
– Dagen har vore veldig nyttig, då vi har fleire som kjem frå ulike land på krisesenteret. – Vi kunne sikkert hatt to heile dagar med ho utanom dette, seier Oda.
Tema i kompetanseprogrammet
Generell kunnskap om traumer og traumereaksjonar
Kva er traumebehandling?
Kven eignar seg for eit slikt gruppetilbod – kartlegging og seleksjon
Grupper og gruppeprosessar
Psykoedukasjon
Verktøy for regulering og mindfulness for traumeutsette
Triggarar og handtering av triggarar
Traumer og kropp
Overføring og motoverføring
Korleis ivareta seg sjølv som hjelpar
Organisering og innhald
Programmet går over tre samlingar, kvar på to heile dagar og vil i tillegg til teori innehalde mykje praktisk øving. Når programmet er ferdig vert det eitt år med månadleg rettleiing til dei som har starta gruppe i kommunal regi.
Målgruppe
Tilsette i kommune, krisesenter og NOK-senter som ønskjer å starte grupper for personar over 18 år med traumesymptom. For å delta må ein forplikte seg til å drive grupper for traumeutsette. Det er derfor viktig at det deltek 2-3 frå same arbeidsstad som kan drive grupper saman, eventuelt tenkje interkommunalt samarbeid.
– Det er stor pågang til fagopplæring om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme frå heile Noreg, seier Elisabeth Harnes, prosjektleiar for fagopplæringa og arbeidet med radikalisering og valdeleg ekstremisme ved RVTS Vest.
– Vi ser at stadig fleire kommunar i Noreg satsar på mentorordningar, og sender fagpersonar som er meint å jobbe direkte med mentorering av utsette barn, unge eller vaksne som er i eit radikaliseringsløp eller er del av ekstreme nettverk og grupperingar, seier Elisabeth. – Parallelt er det mange avdelingsleiarar og rådgjevarar, til dømes i NAV og skule, SLT-koordinatorar, tilsette i barnevern, flyktningtenester, konfliktråd, kriminalomsorg, radikaliseringskontaktar i politi samt tilsette i rus og psykisk helse som tar opplæringa.
Ekstremismekommisjonen
– I Ekstremismekommisjonens NOU frå 2024 vert det understreka at godt førebyggande arbeid mot ekstremisme forutset at samfunnet har presis og oppdatert kunnskap om fenomenet, særlege orsaker og kjenneteikn. I tillegg må ulike aktørar i samfunnet ha klare roller og mandat for at det forebyggande arbeidet skal vere målretta og effektivt. Dette er perspektiv som vi bak fagopplæringa deler. Sidan 2015 har vi forsøkt å ivareta dette i den nasjonale fagopplæringa, som også er vist til i same NOU under «Reintegrering og mentorordninger i norske kommuner» (26.4.2), seier Elisabeth.
Opplæring vår 2025
Til våren arrangerer RVTS Vest ny runde med fagopplæring i Bergen. Den tverrfaglege opplæringa går over ni dagar, og skal utruste fagpersonar i 1. og 2. linetenesta med ei haldnings- og handlingskompetanse til å forebygge og jobbe med av-radikalisering, fråkopling og re-integrering.
Opplæringa inneheld forskingsbasert kunnskap om radikaliseringsprosessar, ulike ideologiar og ekstreme miljø, med fokus på islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme, som vert rekna som dei største terrortruslane mot Noreg. Sentrale tema inkluderer underliggjande sårbarheiter og risikofaktorar, samt ei nyansert forståing av vald, traumer og psykologisk sårbarheit for ekstremisme.
Deltakarane lærer meir om å bygge alliansar, samtaleteknikkar, kulturkompetanse, demokratisk beredskap, risikovurderingsverktøy og psykososiale verktøy i samanheng med radikalisering og valdeleg ekstremisme. I løpet av opplæringa får dei også innføring i tverretatleg samhandling og lovverk, vert introdusert til kommunale samhandlingsmodellar og bærekraftige diasporaprosjekt. Dei får også møte operative mentorar, tidlegare ekstremistar eller mentee i eit av- radikaliseringsløp.
Implementering
– Det er ei stor styrke når kommunar eller regionar har moglegheit til å sende fleire tilsette på same opplæring. Då kan kompetansen brukast og implementerast meir effektiv etter endt opplæring, til dømes gjennom utvikling av planarbeid og oppretting av kommunale eller interkommunale ressursteam og mentorordningar. Sidan 2015 har vi utdanna kring 700 personar på tvers av tenester frå over 70 kommunar i Noreg, og vi ser fram til å fortsetje denne satsninga, avsluttar Elisabeth Harnes.
Tidspunkt og stad
Fagopplæringa vert arrangert i RVTS Vest sine kurslokaler i Ulriksdal helsepark i Bergen.
14. mai 2025 arrangerer vi webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR.
PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar.
– På webinaret vert det ei systematisk gjennomgang av bakgrunn og bruk av verktøyet. Det vert lagt tilrette for dialog, seier psykologspesialistane Steinar Hvål og Mette Ekenes Garmannslund. – Vi anbefaler å melde seg på saman med ein kollega. Det er viktig å ha ein person å trene saman med. I løpet av webinaret er det satt av tid til å diskutere med sidemann eller i ei lita gruppe.
Om PROFESOR
PROFESOR er et kartleggingsverktøy og strukturert sjekkliste fagfolk kan bruke for å identifisere beskyttande faktorer og risikofaktorar, for ungdom og unge vaksne (12–25 år) som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar.
PROFESOR er meint brukt ved planlegging av intervensjonar, for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten forebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell atferd.
Kanadiske Dr. James Worling har utvikla PROFESOR. Verktøyet er omsatt til norsk i samarbeid med Worling, Ressursenheten V27 ved Betanien sjukehus og RVTS Vest.
Vi oppmodar om å kikke på skåringssskjema, skåringsassistent og brukarrettleiing, som ligg på www.rvtsvest.no/profesor og ressurssida til James Worling, www.profesor.ca.
Praktisk informasjon:
Dato: 14. mai 2025 Tidspunkt: 09.00 til 15.00 Avgift: Ingen avgift
Gjennomgang av beskyttande faktorar og risikofaktorar ved bruk av kasuseksempler
Skåring og handtering av resultat frå kartlegginga
Vegen vidare
Etter fagdagen vil du:
Ha god kjennskap til PROFESOR.
Kunne bruke PROFESOR som eit utgreiingsverktøy, kartleggingsverktøy og som sjekkliste.
Kunne bruke PROFESOR i planlegging av tiltak, støtte, tryggleiksplanar og behandling.
Hjelpe kollegaer og andre til å bruke verktøyet.
Kunne bruke PROFESOR som hjelpemiddel i samrådsmøter og rettleiingsmøter.
Målgruppe:
Fagpersonar som har basiskunnskap om barn og unge som har utført grenseoverskridande seksuelle handlingar. Det er ein fordel med erfaring i bruk av kartleggingsverktøy.
23. april 2025 arrangerer vi webinar om grunnleggande kunnskap om sunn, bekymringsfull, grenseoverskridande og skadeleg seksuell atferd (SSA) hos barn og unge.
Kva veit vi om barn og unge med bekymringsfull seksuell atferd? Kva seier forskning og erfaring? Korleis identifisere, vurdere og gi respons på seksualitet som vekker bekymring? Kva gjer du når får ei slik sak på bordet?
Kunnskapen er nyttig for alle som jobbar med barn og unge. Dagen er også et grunnlag for dei som ynskjer vidare opplæring i kartleggingsverktøy, utgreiingsverktøy og behandlingsverktøy, til dømes Play It Right, PROFESOR og AIM-3.
Tema:
Begrepsavklaringar
Sunn seksualitet/seksuell utvikling
Barn og unge med grenseoverskridande seksuell atferd
Kartleggingsverktøy – med hovedfokus på Trafikklyset
Hva gjør vi når utfordrende atferd truer med å velte læringsmiljøet?
Skal vi møte uro med streng disiplin og bortvisning, eller finnes det bedre måter å skape et trygt og utviklingsfremmende klasserom?
I Fredagsfokus dykker vi ned i spørsmålet: Hvordan kan vi balansere autoritet med forståelse? Med utgangspunkt i praksis fra Kleivane skole i Sandnes, diskuterer vi hva som hjelper elever som strever. Hvordan kan lærere ta tilbake kontrollen på en måte som både regulerer og bygger opp? Vi ser på konkrete verktøy, ny forskning og praktiske strategier, muligheter og begrensninger.
Med oss har vi lektor Miriam Randa Hermansen (Paradis skule i Bergen) og pedagog Sissel Finnesand (Kleivane skole i Sandnes). Beate Gauden og Steinar Hvål fra RVTS Vest er også med i panelet.
Fredagsfokus sendes live på Facebook og www.rvtsvest.no/live/. Se tidligere Fredagsfokus her. Alle Fredagsfokus er også tilgjengelig som podcast på de største plattformene.
Fredagsfokus sendes live på Facebook og www.rvtsvest.no/live/.
Vi har gleda av å invitere til eit foredrag med Ana Carla Soares Portugal Schippert, operasjonssjukepleiar og ph.d. i helsevitenskap. Når: 29. januar 2025, kl....
Deltakarane frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane er nøgde med kompetanseprogrammet. F. v: Anja Korneliussen (leiar), Ann-Sissel Tresnes og Oda Marie Hugaas Helland. Vi held...
Illustrasjonsfoto: Istock.com – Det er stor pågang til fagopplæring om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme frå heile Noreg, seier Elisabeth Harnes, prosjektleiar for fagopplæringa...
14. mai 2025 arrangerer vi webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR. PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle...
23. april 2025 arrangerer vi webinar om grunnleggande kunnskap om sunn, bekymringsfull, grenseoverskridande og skadeleg seksuell atferd (SSA) hos barn og unge. Kva veit vi...
Hva gjør vi når utfordrende atferd truer med å velte læringsmiljøet? Skal vi møte uro med streng disiplin og bortvisning, eller finnes det bedre måter...