Aktuelt
Førebygging av sjølvmord blant unge
- 30/09/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn Førebygging Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Sjølvskading Traume

Nyleg vart klinikar og forskar Anne Freuchen, tildelt Olafs minnepris for sitt arbeid med å førebyggje sjølvmord blant barn og unge.
Annie Norevik ved RVTS Vest er glad for at Anne Freuchen har fått denne prisen.
– Det er viktig at det vert satt fokus på temaet sjølvmord blant barn og unge, og vi nyttar mykje av Freuchens forskning i vår undervisning.
Annie seier at det er viktig å avdekkje sjølvmordsfare på eit tidleg stadium, og meiner at kunnskap om sjølvmord og sjølvskading er noko som må inn i skulen.
Sjølv har ho utvikla prosjektet Sjølvmordsførebygging i skulen, som skular i Fana og Ytebygda bydel i Bergen deltek i.
Det er no eit velfungerande nettverk for sjølvmordsførebygging i desse bydelane, og det er fleire ressurspersonar i nettverket som har fått kompetanse på å samtale med unge som kan vere i sjølvmordsfare. Dei same personane held også portnerkurs for andre i nettverket (lærarar og anna skulepersonell).
Deltakarar i nettverket seier at dei kjenner seg tryggare etter å ha fått meir kunnskap om å samtale om sjølvmord, samstundes kan dei nytte verktøyet til å samtale med dei unge om andre vanskelege tema.
Vi spurte helsesøster Helen Riise, om hennar erfraingar med å delta i prosjektet:
Sjå den korte filmen med ein samtale mellom elev og lærar:
Les også
“Lærere kan redde liv” kronikk i Bergens Tidende av Anne Marita Milde og Annie Norevik
– Om sjølvmord er eit tabu tema, så er det ihvertfall tabu når det er snakk om barn