Aktuelt
– Om sjølvmord er eit tabu tema, så er det ihvertfall tabu når det er snakk om barn
- 11/03/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt

– Det er vanskeleg å ta innover seg at barn kan ha det så vondt at dei ynskjer å døy.
I nettmagasinet foreldre.no kan ein lese at Kors på halsen, ein gratis og anonym samtale- og rådgjevingsteneste i regi av Røde Kors, dagleg blir ringt opp av barn og unge som ikkje ynskjer å leve lenger.
- Reidar Thyholdt og Gudrun Austad oppmodar til å ta kontakt med RVTS Vest om ein er bekymra for at eit barn kan vere i sjølvmordsfare.
– Dette går rett inn i vårt arbeid, seier Gudrun Austad og Reidar Thyholdt, spesialkonsulentar i fagteam sjølvmordsførebygging.
– Vi veit at det skjer sjølvmord, også blant barn. Difor må vi ta på alvor Kors på halsen sine erfaringar. Om sjølvmord er eit tabu tema, så er det ihvertfall tabu når det er snakk om barn. – Det er vanskeleg å ta innover seg at barn kan ha det så vondt at dei ynskjer å døy.
Annie Norevik og Anne Marita Milde, også i fagteam sjølvmordsførebygging, har skrive ein kronikk som handlar om lærarar si viktige rolle når det gjeld å sjå barn som kan vere i sjølvmordsfare, og kan vere nyttig å lese.
- Annie Norevik og Anne Marita Milde har skrive kronikken “Lærere kan redde liv”. Faksimile av BT 7. november 2014.
Forskar og lege Anne Freuchen seier til foreldre.no at mange barn ikkje har så god evne til å sjå framover og tenke alternative løysingar. Dei tenker heller at “slik det er i dag, vil det alltid vere”. Gudrun og Reidar meiner at det er viktig å vere bevisst dette når det gjeld barn som har det vondt.
– Mange i våre målgrupper jobbar med barn og ungdom. Ofte er både dei og foreldre makteslause når eit barn utrykker at det har det vondt.
– Vårt fagteam tilbyr kompetanseheving og rettleiing av fagfolk når det gjeld barn, ungdom og sjølvmordsproblematikk. – Vi jobbar med å dyktiggjere vaksne i å snakke med barn, for det er ofte det det handlar om, seier dei.
– Er du bekymra for om eit barn kan ha tankar om å ta sitt eige liv, så ta kontakt med oss! oppmodar dei.