Aktuelt
Webinar-rekke: Risikovurdering av ekstremistisk vald
- 25/03/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Radikalisering risikovurdering Vold Voldelig ekstremisme
RVTS inviterer til webinar-rekke om risikovurdering av ekstremistisk vald.
Risikovurdering av ekstremistisk vald vert tematisert i regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme og vert opplevd som ei utfordring for praktikarar regionalt og lokalt.
Dei siste åra er det utvikla fleire ulike verktøy som har som hensikt å vurdere fare for radikalisering og ekstremistisk vald. Korleis desse vert brukt og av kven varierer mellom dei europeiske landa. Enkelte land nyttar risikovurdering fortløpende som del av en større utrednings- og tiltakspakke, andre i mindre grad og på en heller tilfeldig måte.
Sentrale spørsmål på dei tre webinara:
- Korleis kartlegge risiko for vald/ekstremistisk vald?
- Kva kan vi bruke ein risikovurdering til?
- Har vi behov for risikovurderingsverktøy for radikalisering og ekstremisme?
- Når i eit forløp eller prosess skal risikovurdering gjennomførast?
- Kven skal utføre risikovurderingar?
- Kva vert krevd av kompetanse for å gjennomføre kartleggingar?
- Kva populasjon skal vurderast?
- Kva vil bruk standardiser utredningsverktøy kreve av struktur og personell?
- Forebygging: korleis predikere ekstremistisk vald hos personar som ikkje har utført vald eller kriminelle handlingar tidlegare?
- Informasjonsinnhenting og deling?
Webinar-rekka tek sikte på å besvare desse og andre spørsmål knytt til tematikken.
Foredragsholdere:
- Professor Stephen D Hart, Simon Fraser University
- Rita Augestad Knudsen, Seniorforsker NUPI
- Erik Aicher, Psykologspesialist, Rettspsykiatrisk poliklinikk
- Kari-Anne Aasen Aasterud, kriminalomsorgsdirektoratet
For meir informasjon og påmelding, sjå nettside for webinara.
Relevant:
Mentoropplæring om forebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme