Aktuelt
Verdifull erfaringsdeling på program om psykososial kriseleiing
- 15/11/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
– Erfaringsdelinga har vore kjempeviktig for meg. Eg lærer mykje av det.
Det mellommenneskelege perspektivet er fokus på vårt kompetanseprogram for kriseleiarar. Hovudmålet med programmet er at deltakarane utviklar sin mellommenneskelege kompetanse som kriseleiar og slik få eit godt grunnlag for å lykkast når det skjer ei krise.
Nyleg hadde vi fjerde samling for deltakarane, og vi tok ein prat med nokon av dei.
Verdifull erfaringsdeling
Finn Ove Arnes er einingaleiar for psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune, samt leiar for krisetemaet i Sunnfjord.
– For meg har samlingane vore veldig nyttige. Forelesarane har vore gode, tema og fokus har vore svært relevant. I tillegg har eg hatt veldig stor nytte av erfaringsutveksling. Det å vere saman med folk som jobbar med det same, sjølv om vi har ulike jobbar, så har den erfaringsdelinga vore kjempeviktig for meg. Eg lærer mykje av det.
Siv Myking er einingsleiar i Bergen kommune, i etat for psykisk helse og rustenester.
– Som leiar er ein litt overlatt til seg sjølv, så det å vere i slike nettverk, er noko som har blitt lagt vekt på i opplæringa. No kan vi lettare ta kontakt med kvarandre. Vi har ulik erfaring, jobbar og opplevingar. Det gjer at vi får mange vinklingar og perspektiv, så det synes eg har vore noko av det kjekkaste.
Ann Christin Øren Rivenes er avdelingssjef ved Avdeling psykosomatisk medisin, Psykiatrisk klinikk i Helse Bergen.
– Ja, det har vore nyttig å treffe andre som jobbar med det same, det har vore gode foredragshaldarar og det er interessant å høyre korleis dei jobbar i dei kommunale kriseteama, som er litt annleis enn i sjukehuset. – Eg gler meg til siste samling, for då skal vi teste ut ulike øvingar, seier Ann Christin.
Godt å få reflektert kring leiarrolla
– Eg har gått på Kriseteamskulen to gongar, og i den opplæringa er fokus meir på kva ein skal gjere i sjølve krisesituasjonen, seier Siv Myking. – Eg har ei dobbeltrolle, ved at eg både er hjelpar og leiar, så at eg samtidig har det leiarperspektivet, å hugse på viktigheita av hjelp til hjelparen, det har eg lært mykje om no. Både viktigheita av å ta vare på dei tilsette, men også å ta vare på seg sjølv.
– Som leiar sit ein til tider litt åleine, seier Finn Ove Arnes. – Eg plar drøfte tett med nestleiar i det psykososiale kriseteamet dersom det er noko. I tillegg har eg nokre personar i leiargruppa som eg prater med dersom eg har behov for det. Dette er eg svært bevisst på. Eg trur det er veldig viktig for oss som er leiarar å ha nokon å snakke med, nettopp fordi ein til tider sit mykje åleine. Det som har vore særs nyttig i denne opplæringa, er at eg identifiserer meg veldig med dei andre deltakarane, og deira erfaringar.
– Eg tenker at dersom de planlegg ny runde med tilsvarande opplæring, så er det berre å køyre på! seier Finn Ove Arnes.
Ny runde?
Venke A. Johansen, Tone Bergan og Geir Olsen er ansvarlege for programmet.
– Vi har fått veldig fine tilbakemeldingar frå deltakarane på programmet, noko som er motiverande. Det er ein flott gjeng som deltek, seier Venke.
– Vi vurderer å arrangerer ein ny runde, men vi veit imidlertid ikkje når dette blir, seier Geir.
– Ta gjerne kontakt med oss dersom du er interessert i å høyre meir om programmet, oppmodar Geir Olsen, nestleiar ved RVTS Vest og områdeleiar for område vaksen.