Aktuelt
Traumer og krenkaren – snart er det klart for septemberkonferanse igjen
- 27/05/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Arrangement Psykisk helse Seksuelle overgrep Septemberkonferansen Traume Vold
Ingen kommentarer

For åttande år på rad arrangerer vi Septemberkonferansen. I 2014 har vi fokus på traumer og krenkaren.
Å leve med store og vedvarande belastningar kan gje mange utslag, og for nokon kan det mest synlege utslaget vere utfordrande, krenkande og skremmande åtferd. Nyare kunnskap på traumefeltet gir viktige innspel til korleis ein kan utforme tiltak kring personar med ein slik bakgrunn. Septemberkonferansen 2014 set søkelyset på balansen mellom behovet for hjelp og ansvaret for eigne utfordrande og krenkande handlingar, og på korleis ulike tenester kan jobbe i dette spenningsfeltet.
OBS!
Fristen for å få redusert konferanseavgift er 31. mai. Vi oppmodar deg til å melde deg på snart, og i alle fall før sommaren. Vi ser ei stor interesse for temaet for årets konferanse.
Les: Tikkende bomber i Kardemomme by! av Espen R. Johansson
Sjå program, førelesarar og meld deg på: www.septemberkonferansen.wordpress.com