Aktuelt
Tårer og smil
- 16/04/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Kjønnslemlesting Omskjering Psykisk helse
Nyleg var det siste samling for Chiku Ali sine ferskaste «endringsagentar».
Eit knippe kvinner er samla på helsestasjonen på Voss, dei skal nemleg få utdelt diplom for å ha delteke på 12 samlingar om temaet omskjering. Kvinnene er frå Somalia, Sudan og Eritrea. Fellesnemnaren er at dei kjem frå land der omskjering av jenter er vanleg praksis. No har dei blitt kjent med kvarandre gjennom dette kurset, dei har delt erfaringar, dei har snakka ope om sine liv både på godt og vondt. Dei har snakka om omskjering som praksis, kvifor det vert gjort, kvifor det er helseskadeleg og kva som vert gjort i Afrika for å stoppe omskjering av jenter.
Ikkje tilfeldig
Det er ikkje tilfeldig at nettopp desse kvinnene har delteke på kurset. Dei skil seg ut ved at dei kjenner sine miljø godt og har truverd i eigne miljø. Dei kan bidra til endring. Namnet endringsagent kjem av at kvinnene no har tileigna seg kunnskap som gjer at dei kan bidra til ei haldningsendring blant dei råka gruppene. Kunnskap som elles ikkje ville lagt der like klart til å formidlast.
Ikkje mi jente!
– Eg har sjølv blitt omskjert, og har hatt mykje smerter, både psykisk og fysisk, som ein konsekvens av dette. Difor vil eg ikkje at det same skal skje med mi jente! Dette seier Umul, ei ung kvinne frå Somalia. Ho har delteke på alle 12 samlingane, og har med seg si 2,5 år gamle dotter Samira.
Chiku visar spelefilmen Desert Flower (Ørkenblomst) som handlar om Waris Dirie, ei av dei første kvinnene som snakka opent om at ho hadde blitt omskjert. – Det er vanskeleg for meg å sjå filmen, seier Umul. – Eg tenkjer på det som skjedde med meg. Då det var min tur. Eg har både sett og opplevd det vi ser i filmen.
Ei anna kvinne, Senait, er nøgd med å ha delteke på kurset. – Det har vore eit fint kurs, eg har lært mykje som eg skal fortelje til andre. Det er viktig og interessant. Omskjering gjer at ein har mykje smerter, særlig når det gjeld fødsel og sex. Før visste eg ikkje kva eg skulle svare når folk spurte om omskjering. No kan eg forklare kvifor det er gale. Eg kjenner meg tryggare, det går mykje lettare då.
Lokal drivkraft
Det er tid for å dele ut diplom.
– Du er utruleg god Maries, det er så bra å ha ein slik ressurs frå det norske miljøet. Det å ha ein fagperson som er så genuint interessert i dette temaet, seier Chiku Ali til Maries Custer, helsesøster ved Voss helsestasjon og ein av initiativtakarane for å få i gong denne gruppa.
– Eg vil at Chiku skal kome tilbake til hausten for å starte ei ny gruppe, seier Maries Custer. Samstundes ynskjer vi å ha dei i denne gruppa som ynskjer det, med vidare til hausten. Det er ein prosess å jobbe med dette, det er mykje å lære.
[box style=”green”]
Innhald i kurset «Endringsagentar»
-
Fordjupning i sjølve praksis for å avskaffe myter og andre misforståingar kring temaet
-
Omskjering som helseskadeleg tradisjon
-
Frå arbeidet som vert gjort i Afrika for å stoppe omskjering
-
Gå gjennom ulike metodar for å førebygge/stoppe omskjering som har vore i bruk; kva er verksamt?
-
Gå gjennom ulike ”best practise” som har gjeve gode resultat:
– AROP, ”Alternative Rites of Passage”
– Film: ”Molaade”, laga i Senegal og Burkina Faso i 2004 (filmen fekk internasjonal pris)
-
I Noreg fins ulike grupper med ulike forståingar av omskjering; drøfting av situasjonen i Noreg. Eit tema vil vere frivillig underlivsundersøking.
-
Arbeide med å forstå at dette temaet er kulturelt sensitivt
-
Utvikle aktiv deltakarmetode
-
Identifisering av eigarskap av problemstillinga, det vil seie å arbeide med begrepet ”Empowerment” til målgruppene
[/box]
Sjå fleier bilete frå samlinga
[Best_Wordpress_Gallery gallery_type=”slideshow” theme_id=”1″ gallery_id=”1″ sort_by=”order” slideshow_effect=”fade” slideshow_interval=”5″ slideshow_width=”800″ slideshow_height=”500″ enable_slideshow_autoplay=”0″ enable_slideshow_shuffle=”0″ enable_slideshow_ctrl=”1″ enable_slideshow_filmstrip=”1″ slideshow_filmstrip_height=”90″ slideshow_enable_title=”0″ slideshow_title_position=”top-right” slideshow_enable_description=”0″ slideshow_description_position=”bottom-right” enable_slideshow_music=”0″ slideshow_music_url=”” watermark_type=”none” watermark_link=”http://web-dorado.com”]
På nettsida vår
Les «Endringsagentar», intervju med Chiku Ali
Les «Omskjering er alle sin buisness»
Les om temaet kjønnslemlestelse på NKVTS sine nettsider
Sjå nettressursen «Kjønnslemlestelse – en veiviser»
Publikasjonar
Gro Lie, Ellen Alexandra Lothe, Chiku Ali: Working against female genital mutilation, Tanzania : a qualitive evaluation. Report – 2004
Chiku Ali, Agnete Strøm: Artikkelen: «It is important to know that before there was no lawalawa». Working to stop female genital mutilation in Tanzania. Reproductive Health Matters 2012, 20 (40)
Chiku Ali, Agnete Strøm, Bjørn Blomberg: Økt forståelse er nøkkelen i kampen mot kjønnslemlestelse.Tidsskrift for den norske legeforening 2013, 133:1559.]
Sjå video
Chiku Ali talking about female genital mutilation (FGM) at a symposium at the 57th session of the Commission on the Status of Women, which took place at United Nations Headquarters in New York from 4 to 15 March 2013.