Endringsagentar – forebygging av kjønnslemlesting

Kurset «Endringsagentar» går 2 timar per veke i 12 veker. Deltakarane på kurset er kvinner i miljø kor omskjering er ein del av praksisen.

Illustrasjonsfoto: pixabay.com
Illustrasjonsfoto: pixabay.com

Kvinnene skil seg ut ved at dei kjenner sine miljø godt og har ei truverdigheit i eigne miljø. Dei kan bidra til endring. Samstundes kan også helsepersonell som møter problematikken vere med på endringsagentkurs, og fungere som endringsagentar. T.d helsesøstre.

– Mitt fokus under desse kursa er ikkje å avdekke om omskjeringhar blitt utført på barna til desse kvinnene, men å førebyggje at omskjering skjer i desse miljøa, seier Chiku Ali som har utvikla kurset. – Vi ser dessverre at lovar og reglar ikkje fungerer. Dersom ei kvinne seier «Det er ikkje lov, difor har eg ikkje latt mine døtre bli omskorne. Hadde det vore lov, hadde eg gjort det». Då veit eg at eg har ein jobb å gjere.

– Vi samtalar mykje kring «best practise» på kursa. Vi går til dømes gjennom alle dei etniske gruppene vi har i Noreg, og korleis dei ulike sedane og skikkane er når det gjeld omskjering. Tenkjer dei kultur? Religion? Skjønnheit? Eller kva? – I tillegg pratar vi om å ha ei holistisk tilnærming. Vi ser på andre skadelege tradisjonar som er til skade for kvinner og barn si helse; tidleg ekteskap, tidleg svangerskap, fleirkoneri, HIV/AIDS, ulike typar kroppsmerker (scarification), vald mot kvinner og barn; her diskuterer ein spørsmål om likestilling, undertrykking av kvinner og barneoppdragelse.

Chiku Ali

Spesialkonsulent
Telefon: + 47 93 26 21 11

Etter å ha jobba med omskjeringsproblematikk i mange år, har Chiku Ali ved RVTS Vest utvikla metoden “Samtalesirkel” 

Ei ressursgruppe beståande av 15 somaliske kvinner har delteke på 12 samlingar om temaet omskjering.

Kva er ein endringsagent?

– Når ein har fullført kurset mitt “Endringsagentar”, kan ein kalle seg endringsagent. Før eg finn mine potensielle endringsagentar gjer eg ei kartlegging, ein såkalla baseline. Eg kartlegger ulike ressurspersonar frå råka miljø. Dette er personar som skil seg ut ved at dei kjenner sine miljø godt og har ei truverdigheit i eigne miljø. Dei kan bidra til endring. Når eg har funne mine endringsagentar går dei gjennom kurset saman med meg. Eg har laga ein metode som heiter “samtalesirkel”. Den går kort sagt ut på at eg stiller eit strategisk spørsmål som deltakarane samtalar fritt kring. Dette fordi deltakarane på desse kursa ofte kjem frå ein munnleg kultur; den beste måten å få dei til å prate, er å la dei prate. Men eg rettleier dei undervegs. Eg hjelper dei med å identifisere eventuelle problem, og når problemet er identifisert, eig dei problemstillinga og kan samtale vidare kring den.

Kvifor treng vi endringsagentar?

Vi treng å auke kunnskapen og bidra til haldningsendring blant dei råka gruppene for å førebyggje at omskjering skjer.

– Mitt fokus under desse kursa er ikkje å avdekke om omskjering har blitt utført på barna til desse kvinnene, men å førebyggje at omskjering skjer i desse miljøa. Vi ser dessverre at lover og reglar ikkje fungerer. Dersom ei kvinne seier “Det er ikkje lov, difor har eg ikkje latt mine døtrer bli omskorne. Hadde det vore lov, hadde eg gjort det”. Då veit eg at eg har ein jobb å gjere.

– Vi samtalar mykje kring “best practise” på kursa. Vi går til dømes gjennom alle dei etniske gruppene vi har i Noreg, og korleis dei ulike sedane og skikkane er når det gjeld omskjering. Tenkjer dei kultur? Religion? Skjønnheit? Eller kva?

I tillegg pratar vi om å ha ei holistisk tilnærming. Vi ser på andre skadelege tradisjonar som er til skade for kvinner og barn si helse; tidleg ekteskap, tidleg svangerskap, fleirkoneri, HIV/AIDS, ulike typar kroppsmerker (scarification), vald mot kvinner og barn; her diskuterer ein spørsmål om likestilling, undertrykking av kvinner og barneoppdragelse.

 Kurset er formelt ferdig, men Chiku har ordna slik at kvinnene møtast 1 gong i månaden for oppfølging.

– Til hausten skal eg starte ei jentegruppe kring temaet i samarbeid med minoritetsrådgjevar i IMDI Vest (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet). Deretter er planen å starte ei gutegruppe. Det same kurset skal og haldast for fagfolk som har ein jobb der dei kjem i kontakt med dei råka gruppene. Det er dessverre altfor liten kunnskap kring temaet.

På sikt ynskjer vi at alle kommunar i region vest skal vite at det fins eit slikt kurstilbod, dersom nokon er interesserte i anten å starte opp ei endringsagent-gruppe eller køyre kurset for fagfolk.

Chiku Ali skal ha ein workshop på Septemberkonferansen 2012 om dette temaet: Samtalesirkel – Gi stemmer til innvandrerkvinner om hvordan snakke om tabu tema

Dersom ein er interessert i å høyre meir om kurset, kan ein kontakte rvts@helse-bergen eller ringe 55 97 66 95.

[blockquote]

 
Tema som vert teke opp på kurs for endringsagentar:
  • Fordjuping i praksis for å avskaffe myter og andre misforståingar kring ­temaet
  • Omskjering som helseskadeleg tradisjon
  • Arbeidet som vert gjort i Afrika for å stoppe omskjering
  • Gjennomgang av ulike metodar for å førebyggje/stoppe omskjering som har vore i bruk; kva er verksamt?
  • Gjennomgang av ulike ”best practise” som har gjeve gode resultat:
    – AROP, ”Alternative Rites of Passage”
    – Film: ”Molaade”, laget i Senegal og Burkina Faso i 2004 (filmen fekk inter­nasjonal pris)
  • I Noreg fins ulike grupper med ulik forståing av omskjering; drøfting av situasjonen i Noreg. Eit tema er frivillig underlivsundersøking
  • Arbeide med å forstå at dette temaet er kulturelt sensitivt
  • Utvikle aktiv deltakarmetode
  • Identifisering av eigarskap av problemstillinga, dvs. arbeide med omgrepet ”Empowerment” til målgruppene

[/blockquote]

Aktuelle nettsider

 NKVTS si ressursside om kjønnslemlesting

Kjønnslemlesting – en veiviser