Aktuelt
Samling for konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep
- 01/11/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn barnesamtalen omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Unge Utviklingstraumer Vold

Koordinatorane i Hordaland. Foto: Linda Kvalvik.
Tirsdag og onsdag denne veka er over 80 fagpersonar frå konsultasjonsteam i Hordaland, samla til fagleg påfyll, refleksjon og sosialt samvær.
I Hordaland har vi konsultasjonsteam som kan gi råd og rettleiing når nokon er bekymra for at eit barn kan vere utsett for vald eller seksuelle overgrep. Desse to dagane er tilsette frå helsestasjonane, BUP, barnevern, skular, barnehagar og familievern samla.
Birgit Hegge, barnevernpedagog og sexolog, innleier om barn og unge sin seksualitet og seksuelle overgrep. Hegge er oppteken av at vi vaksne snakkar med barn og unge om seksualitet, eigne- og andre sine grenser.
– Vi kan ikkje overlate til barn og unge å sjølv vite eller finne ut av kva som er greit og ikkje greit, seier ho.
Monica Jensen, psykologspesialist ved V27, Betanien BUP, snakkar om barn og unge som utøver problematisk eller skadeleg seksuell atferd mot andre.
– Dersom vi møter barn og unge med bekymringsfull eller skadeleg seksuell atferd, må vi sjå kvart barn individuelt. Det enkelte barnet treng rettleiing og behandling ut i frå eigne erfaringar og eigne risikofaktorar. Vi må tenke heilheitleg og økologisk; barnets familie, nettverk og sosiale relasjonar.
Fagsamlinga vart avslutta onsdagen, med Lars Due-Tønnesen, seniorrådgjevar hos BUFdir, som snakkar om nasjonale retningsliner for samarbeid mellom politi og barnevern ved vald i nære relasjonar.
Konsultasjonsteama i region vest mottok i 2016 Justis-og beredskapsdepartementet sin pris for samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjoner.
– I tillegg til fagleg påfyll, nyttar vi også anledningen til å feire konsultasjonsteama og det viktige arbeidet som gjerast lokalt, seier Reidun Dybsland. Reidun er ein av dei, hos RVTS Vest, som har stått i spissen for opprettinga av over 30 konsultasjonsteam i region vest.
Viktig å markedsføre konsultasjonsteama
I Fjell kommune har dei vore flinke å marknadsføre konsultasjonsteamet. I denne videoen spør Reidun Dybsland kommunepsykolog i Fjell kommune Anja Rogde, om korleis dei jobbar med markandsføring av teamet.
Relatert
Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep