Aktuelt
Rettleiar om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme
- 18/04/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Radikalisering Unge Voldelig ekstremisme
Vi har vore med å utvikle Bergen kommune sin rettleiar for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
I den nyleg publiserte rettleiaren frå Bergen kommune finn ein døme på risikofaktorar og bekymringsteikn når det gjeld ungdom som kan stå i fare for å verte radikalisert. Ein finn også framgangsmåte for kva ein skal gjere med bekymringa, samt informasjon om mogelege tiltak.
Av tiltak vert TOT radikalisering* nemnd. TOT radikalisering består av representantar frå Utekontakten, RVTS Vest og politiet. Av andre tiltak nemnast Bergen kommune si mentorordning, kor ungdommar og vaksne det er knytta bekymring til, kan få tildelt eigen mentor. Mentorane har gjennomført RVTS Vest si mentorutdanning, kor dei har blitt skolert for å fange opp og jobbe med personar som står i fare for, eller har blitt radikalisert. Per i dag har Bergen kommune 20 mentorar med ulik bakgrunn, noko som gir gode muligheiter for å finne ein bra “match” mellom mentor og ungdom.
Rettleiaren er i hovudsak retta mot tilsette som jobbar med barn og unge i f.eks. grunnskule, vidaregåande skule, barnehagar, NAV, barnevern og liknande, men vil også vere relevant for andre.
Les meir om rettleiaren på Bergen kommune si nettside.
Last ned rettleiaren i PDF
* TOT står for tverretatlig operativt team, og TOT radikalisering jobbar etter same modell som vert brukt i arbeidet mot menneskehandel i Bergen kommune.
Relatert:
- Radikalisering. Sårbarheitsfaktorar i ein migrasjons- og akkulturasjonsprosess
- Mentorutdanning om forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme
- Kunnskapsportal om radikalisering og valdeleg ekstremisme