Aktuelt
Kunnskapsportal om radikalisering og valdeleg ekstremisme
- 11/11/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Førebygging Kunnskapsportal Psykisk helse Radikalisering Verktøykassen Voldelig ekstremisme

Kunnskapsportalen Radikalisering og voldelig ekstremisme – prosesser inn og veier ut, utveier.no, er ein del av regjeringa si handlingsplan mot radikalisering og valdelig ekstremisme.
Portalen er utarbeidd av RVTS Øst i samarbeid med Helsedirektoratet og Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP). RVTS Øst har hatt hovudansvaret for prosjektet, medan dei øvrige RVTS har kome med innspel på innhaldet.
Elisabeth Harnes er RVTS Vest sin koordinator når det gjeld vårt arbeid med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Kven er denne kunnskapsportalen meint for?

– Portalen er meint for både tilsette i kommunen og spesialisthelsetenesta. Målet er å gjere kunnskap om fenomenet radikalisering og valdeleg ekstremisme meir forståeleg og tilgjengeleg for fagfolk i ulike instansar som skule, barnevern, politi, helse, familievern, NAV, kultur etc.
Kunnskap og tryggheit
– Mange opplever at fenomenet er nytt og ukjent og treng å tryggast på dette. Kva er t.d valdeleg ekstremisme? Kva er risikofaktorane? Kva er det som ligg bak? Kva kan eg gjere når eg har ei bekymring?
– Eg håpar at portalen kan vere med å trygge fagfolk, stimulere til tverrfagleg samarbeid og vidare styrke den førebyggande kompetansen i førstelinetenesta.
Ung appell
– Siden portalen er bygd opp kring tre unge menneske sine livshistoriar, meiner eg at mykje av innhaldet og vil appellere til ungdom. Portalen kan bidra til auka bevisstgjering og ei djupare forståing av fenomenet for ungdom.
– Det er teke i bruk sterke visuelle virkemidlar, eit språk som appellerer til deira verden. I tillegg kan ein ha quiz på dei ulike temasidene, noko som og er eit fint pedagogisk verktøy som kan brukast i mindre grupper eller i klasseromsundervisning.
Mykje aktivitet i region vest
– 18. november skal vi ha ein temadag om radikalisering og valdeleg ekstremisme i samarbeid med Tysvær kommune, lokalt politi og PST. Ein liknande fagdag vert kjørt i samarbeid med Karmøy kommune den 28. januar.
25. november har vi innlegg om tvangsekteskap og radikalisering på FN sin internasjonale dag for førebygging av vald mot kvinner.
RVTS Vest sit i ulike kommunale fora og nettverk, og er blant anna samarbeidspartnar i eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og somaliske organisasjonar i Bergen.
Vi jobbar generelt med å følgje opp vårt mandat i den nasjonale handlingsplanen, tiltak i utvalde kommunale handlingsplanar og bistår kommunar med kompetanseheving, rettleiing og nettverksbygging i region vest.
Dersom du er interessert i RVTS Vest sitt arbeid med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, kan du kontakte Elisabeth Harnes.
Relatert:
Regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme
Sterke digitale virkemidler skal forebygge radikalisering (RVTS Øst)