Aktuelt
Radikalisering. Sårbarheitsfaktorar i ein migrasjons- og akkulturasjonsprosess
- 05/04/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Radikalisering Traume Traumebevisst Unge Voldelig ekstremisme

Illustrasjonsfoto: unsplash.com
Elisabeth Harnes har mange år erfaring med å jobbe med ungdommar i sårbare situasjonar, både her heime og utanlands.
Ho har jobba med straffedømde ungdomskriminelle og oppfølging av barn i fosterheimar i Indianapolis og med foreldrelause barn i Kenya. Ho jobba i fleire år som minoritetsrådgjevar ved IMDI Vest for å førebygge tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald, for å nemne noko. Ved RVTS Vest koordinerer ho arbeidet vårt når det gjeld førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Nyleg førelas Elisabeth om korleis forstå og førebygge radikalisering, med eit blikk på sårbarheitsfaktorar i ein migrasjons- og akkulturasjonsprosess, på fagdagen “Forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme” i regi av politiet og SLT i Førde.
Vi spurte Elisabeth om å fortelje litt om kva ho formidla i dette foredraget.
Radikalisering. Sårbarheitsfaktorar i ein migrasjons- og akkulturasjonsprosess
– Sårbarheits-og risikofaktorar kan vere relatert til mange plan, men handlar ofte om utanforskap. Den unge kan ha ei kjensle av opplevd urettferdighet, manglande meistring, livskriser, krenkingar, tapsopplevingar, sosial isolasjon- på det personlege og/eller sosiale plan. Forskning visar at mellomfasar og overgangar i livet ofte er kritiske fasar ein skal vere særleg merksam på.
– Det er i desse fasane ein ofte kjenner på avmakt. Det handlar gjerne om ein opplevd mangeltilstand på forutsigbarhet, oversikt, kontroll, innflytelse, løysningsmuligheiter, beskyttelse, tryggleik eller det å bli sett, forstått eller anerkjent.
– I PST sin siste temarapport (2016) av kartlagde framandkrigarar frå Noreg kjem det fram at 88 % har multietnisk bakgrunn, 61 % kom til Noreg som barn og ungdom (fleire har asyl og fluktbakgrunn) og 16, 1 % har også mista ein eller begge foreldra i barndommen.
– Vi veit også ut frå kartlagt materiale, at Noreg har eit mindretal av det som vert kategorisert som ideologisk motiverte framandkrigarar, men har fleire i kategorien “sosialt frustrerte” og “medløparar”. Det er viktig å merke seg at dette er i norsk kontekst. Dei fleste land og byar har sine karakteristikkar som dominerer og det blir då viktig å speile problematikken i nasjonal og regional kontekst med tanke på fokus og igangsetting av tiltak.
Forskning visar at mellomfasar og overgangar i livet ofte er kritiske fasar ein skal vere særleg merksam på.
Marginalisert krysskulturell ungdom
– I forhold til norske tal blir det verdt å spørje seg: kva er det vi ikkje har lykkast med i integreringen av ungdom med krysskulturell identitet? Eller i forhold til barn med en flukt- og krigsbakgrunn?
– Då er det grunn til å fokusere på sårbarheitsfaktorar i ein migrasjons- og akkulturasjonsprosess –og gi fagpersonar fenomen- og handlingskompetanse.
– Ein treng å auke kunnskapen på traume, migrasjonsprosessar, utanforskap bunna i fleirkulturell identitet og manglande tilhøyre, etnisk og religiøs diskriminering. Dei unge har gjerne eit verdsbilete* som treng å bli anerkjent og nyansert- samt ekstreme ytringar som like gjerne kan vere smerteuttrykk som treng å bli møtt med respekt og omsorg framforl avvisning basert på frykt og avsky.
Viktigheita av relasjon og ressursfokus
– Relasjon og tillit er heilt avgjerande for å komme i posisjon, og då må ein også ha evne til empatisk brobygging og sjå det sårbare og trengande mennesket bak. Når vi snakkar om multietnisk ungdom, kan beskyttelsesfaktorar vere å innhente ressursane som ligg i det å ha ein fleirkulturell identitet; å vekse opp med fleire kulturar og høyre til fleire stader kan gi mange gode og viktige ressursar.
– Det er viktig å lære om, tenke på og ta vare på det som er bra med ein fleirkulturell oppvekst. Slik kan man gjere det lettare for barn å oppleve tilhøyre der ein bor, og samstundes kjenne at deira bakgrunn er verdifull (Kjelde: «Hvordan finne tilhørighet uten å miste deg selv»). Om man skal samtale kring dette temaet er det viktig med forståing kring migrasjon og transnasjonale liv.
Å framhente, framelske og bevisstgjere ungdommen på dei unike ressursane som ligg i det fleirkulturelle, kan på sikt bidra til motnarrativ, myndiggjering og ein sterkare motstandsdyktighet i forhold til framandgjering, mikroaggresjon og rasisme. Ein tidleg bevissthet kring si “ressurshistorie” versus si “problemhistorie” fører ofte til at ein er mindre “påvirkningsbar” og i mindre grad søkjer destruktive og ekstreme miljø.
Relasjon og tillit er heilt avgjerande for å komme i posisjon, og då må ein også ha evne til empatisk brobygging og sjå det sårbare og trengande mennesket bak.
Foreldre, omsorgs og fagpersonar si rolle
– Foreldre og sentrale omsorgs- og fagpersonar bør innta ein aktiv kommunikativ posisjon i forhold til temaet identitet hos barn som veks opp med fleire kulturar. Det er viktig med kultursensitiv “medvandrarkompetanse” for å forstå, anerkjenne, kommunisere og reflektere, også kring dei vanskelege og tabuiserte temaene som berører fleirkulturell identitet og tilhøyre, som for eksempel; migrasjon, transnasjonale familieliv, sosial kontroll, rasisme og diskriminering, æresutfordringar, doble verdi- og normstrukturar, motstridande maskulinitetsideal, val av kjæreste og ektefelle.
– I denne samanheng ønskjer eg å anbefale følgande rettleiar: «Hvordan finne tilhørighet uten å miste deg selv» som nyleg vart lansert av organisasjonen «Voksne for Barn». Rettleiaren handlar om opplevinga av tilhøyre hos barn som har flytta mellom land eller som veks opp med fleire kulturar. Her finn du informasjon som kan vere viktig for deg som forelder/omsorg/fagperson om aktuelle tema og forslag til korleis du kan snakke med barn og ungdom om deira identitet.
– Målgruppa er foreldre, men den er også aktuell å bruke for fagfolk som lærarar, barnevern, psykologar, tilsette i mottak som arbeider med foreldre, familiar og unge. Den finnast på følgjande språk: norsk, engelsk, urdu, somali, polsk og arabisk.
Rettleiaren er utvikla av organisasjonen Voksne for Barn, forfatta av Lill Salole med bidrag fra FLEXid, RVTS Vest og SaLTo og er finansiert av Politidirektoratets Tilskudd til kriminalitetsforebyggende arbeid.
*«Barn som vokser opp med flere kulturer eller i flere land opplever ulike måter å tolke og forstå verden på som gir dem tilgang til mye kunnskap og forståelse om verdensbegivenheter og politikk. Det betyr at det globale er personlig. De engasjerer og de har en sterk forbindelse til det som skjer i andre land. De kan ha god kunnskap om politikk, historie, geografi og samfunn i andre land. Ofte er de engasjerte og idealistiske. De er opptatt av hvordan andre har det. De vil gjerne hjelpe og gjøre verden til et bedre og tryggere sted for dem de er glad i føler seg knytte til. Gjerne på plasser hvor de identifiserer seg med befolkningen følelsesmessig, kulturelt eller religiøst. For mange føles det som en naturlig plikt. For ungdom med krysskulturelle erfaringer kan det oppleves vond og opprivende hvis det hender vanskelige ting i land der de har kjente og kjære. De kan reagere sterkt på norsk og internasjonal bistands og utenrikspolitikk som ikke beskytter folk og slekt andre plasser.» (Utdrag frå «Hvordan finne tilhørighet uten å miste deg selv»)
29. mars 2017 møtte over 100 fagfolk opp på Førde kulturhus for å få med seg fagdag om Forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme i regi av politiet og SLT i Førde. Bidragsytarar for dagen var ordførar i Førde, PST Region Vest, RVTS Vest, POD og radikaliseringskontakt i Region Vest. Blant deltakarane var både skule, barnevern, helsevesen, asylmottak, flyktningtenesta, politiet, moskè, samt frivillige organisasjonar representert.


