Aktuelt
Regionalt seminar om veteranar og deira familiar
- 03/10/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Psykososial oppfølging Traume Veteran
Ingen kommentarer

Illustrasjonsfoto: unsplash.com
Mange nordmenn har tenestegjort i utlandet som FN/NATO-soldatar. Vi veit at mange av desse har vore utsett for store belastningar, og sliter når dei kjem heim.

Psykiske etterverknader berører både veteranen sjølv, men også familien og nettverket rundt. Veteranar har behov for bistand frå det ordinære hjelpeapparatet når dei går ut av Forsvaret. Vi ønsker å auke forståinga for kva det vil seie å vere veteran, og korleis vi kan vere gode hjelparar og støttespelarar.
Seminaret er både for deg som har møtt veteranar gjennom jobben din som helse- eller sosialarbeidar, men også for deg som kjenner ein veteran.
Det vert innlegg frå både veteranar og pårørande, samt faginnlegg kring psykiske etterverknader og tiltak.
Seminaret er eit samarbeid mellom RVTS Vest, Forsvaret, Bergen kommune, NAV Hordaland og fleire veteranorganisasjonar.
Påmeldingsinformasjon kjem snart.