Aktuelt
Tverrfagleg tilnærming og felles forståing
- 23/09/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging Sjølvmordsførebygging Traume Veteran

– Det er gjennom tverrfagleg tilnærming og felles forståing, at samfunnet kan anerkjenne og ivareta dei som tenestegjer på vegne av oss andre i internasjonale operasjonar, seier orologskaptein Christian Øxnevad-Gundersen.
I 2012 starta RVTS Vest ei regional nettverksgruppe som skal jobbe med styrking av oppfølgings- og behandlingstilbodet til veteranar som har vore i internasjonale operasjonar. Slike nettverksgrupper har starta opp i alle regionar i Noreg. Utgangspunktet for dette arbeidet er gitt gjennom oppdragsbrev og handlingsplanen «I tjeneste for Norge». I planen gjes RVTSane eit særleg ansvar for å drive kompetanseheving når det gjeld oppfølging av veteranar i kommune- og spesialisthelsetenesta.
Gruppa i region vest har representantar frå RVTS Vest, NAV, Familievernet, Sjøforsvaret, Forsvaret, Forsvarets stressmestringsteam (Madla og Haakonsvern), Forsvarets Veterantjeneste (FVT), Veteranforbundet SIOPS, NVIO (Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner) og skal arbeide med utforming av regionale og lokale tiltak, gjennomføre årlege nettverkskonferansar samt oppdatere og ajourføre lister over regionale ressursar som jobbar med oppfølging og behandling av veteranar og deira familiar.
Nyleg var arbeidsgruppa samla hos RVTS Vest i Ulriksdal helsepark og vi spurte to av deltakarane, Christian Øxnevad-Gundersen (Sjøforsvarsstaben) og Bente Finnestad (SIOPS) om dei kunne seie litt om betydninga av å ha eit slikt nettverkssamarbeid.
– Fagnettverket som vert administrert av RVTS Vest er ein verdifull og viktig møteplass for Forsvaret og Sjøforsvaret. Det er blant anna på grunn av den breie representasjonen. Det er gjennom tverrfagleg tilnærming og felles forståing, at samfunnet kan anerkjenne og ivareta dei som tenestegjer på vegne av oss andre i internasjonale operasjonar – i teneste for Noreg, sa Christian Øxnevad-Gundersen, orlogskaptein i Sjøforsvarsstaben.
Bente Finnestad frå SIOPS la til: – Nettverket er av stor betydning for oss veteranar. Det er viktig og meiningsfullt at vi kan få delta direkte og bli spurt om våre opplevingar og erfaringar. Forhåpentligvis kan vi påvirke i riktig retning til lågare terskel og meir mangfald i behandlingstilbodet, og også med større fokus på pårørande. Gruppa er breitt samansett og dekker mange viktige instansar som veteranar, eller pårørande, kan komme i kontakt med, og eg har eit godt inntrykk av alle deltakarane i gruppa. Dei synest å stille med genuin interesse, opent sinn og med stor vilje til konstruktivt samarbeid på tvers av instansar. Eg høyrde mange utsagn som “vi to må snakke meir saman” over bordet på samlinga. Sånt varmar og gleder.
Kurstilbod til dei som møter veteranar og deira nærmaste i sitt arbeid (RVTS Øst)
Artikkelsamling på Innblikk
Handlingsplanen «I tjeneste for Norge»
Kontakt oss, dersom du ynskjer å høyre meir om dette arbeidet.
Av Sylvia Haukanes