Aktuelt
Omsorg for traumatiserte barn og unge
- 23/09/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn Flyktninghelse Førebygging Psykisk helse Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg

23. september: Oppstart av første teoridag for programmet Traumebevisst Omsorg for Fjell kommune og Askøy kommune, med over 80 deltakarar.
Kommunane Fjell og Askøy kontakta RVTS Vest fordi dei ville ha hjelp til kompetanseheving knytta til traumeteori og traumebevisst omsorg i deira botiltak for einslege mindreårige flyktningar.
Formålet med programmet er å gjere dei tilsette betre rusta i å gi riktig omsorg for sine brukarar. Tilsette og leiing skal få auka kunnskap om korleis best mogeleg forstå og møte krenka barn og unge.
Det skal vere ei innføring i, og trening på å forstå korleis atferd og kjensler kan vere uttrykk for smerte. Dei tilsette skal få auka handlingskompetanse knytt til å ivareta brukarar, bidra til stabilisering og smertelindring og til å fremje positiv utvikling.
Totalt inneheld programmet 8 undervisningsdagar, med inntil 3 rettleiingar til kvar eining (avdeling/institusjon).
Denne første dagen var det ei teoretisk innføring i traume og traumeforståing som sto på agendaen.


Dersom du er interessert i å vite meir om dette programmet, kan du kontakte Steinar Hvål, som er prosjektleiar.