Aktuelt
Ny ICDP-veilederopplæring startar i Bergen i mai 2017
- 20/04/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: ICDP Integrering Kultursensitiv Psykisk helse
Patrick O’Loughlin og Chiku Ali gleder seg til å gå i gang med ny gruppe for dei som ønsker å bli ICDP-rettleiar.
– Vi er spesielt opptekne av å utvide tilbodet til omsorgsgjevarar med ein etnisk minoritetsbakgrunn. Det ideelle er at rettleiarkandidatar med både etnisk minoritetsbakgrunn og etninsk norsk bakgrunn planlegg å drive grupper saman. Ta kontakt med oss om du lurer på korleis få til ei god løysing. Kanskje vi kan hjelpe å setje saman rettleiarar eller retteleiarkandidatar, seier Patrick O’Loughlin.
Vi har satt av følgjande datoer og det er framleis ledige plassar:
- 30. og 31. mai
- 21. og 22. juni
- 22. og 23. august
I både mai, juni og august startar vi kl. 10:00 den første dagen, med omsyn til deltakarar som må reise same dag. Den andre dagen startar vi kl. 09:00. Vi avsluttar alle dagane kl. 15:30.
Opplæringa er hos RVTS Vest i Bergen, og er gratis (inkludert lunsj).
Dette er en fin måte å få auka ICDP-kompetansen i kommunen. Her er ein kort presentasjon av ICDP.
Krav til sertifisering som rettleiar:
- 3 x 2 dager teoretisk/praktisk opplæring (tre samlingar)
- Oppgåver mellom samlingane; blant anna utprøving av og videoopptak av eget samspill med barn
- Leie ei gruppe med foreldre eller andre omsorgsgjevarar etter opplæringsdagane (sjølvtrening):
Standardversjonen: Minimum åtte møter med foreldre og minimum seks møter med personalgruppe
Minoritetsversjonen: Minimum tolv møter med foreldre; ein etnisk norsk og ein rettleiar med etnisk minoritetsbakgrunn (som kan leie gruppa på eit anna språk enn norsk) saman. - Loggføring av sjølvtrening
- Veiledning i løpet av sjølvtreninga:
To dagar i standardversjonen
Tre dagar i minoritetsversjonen
OBS! For å bli godkjent som rettleiar for ICDP – minoritetsversjon, må ein ha leia ei gruppe for foreldre/omsorgsgjevarar med minoritetsbakgrunn SAMAN med ein rettleiar/rettleiarkandidat som sjølv har minoritetsbakgrunn. Ofte deltek kandidatar både med etnisk norsk og etnisk minoritetsbakgrunn på opplæring saman og driv grupper saman.
Om de ikkje klarar å skaffe fleire rettleiarkandidater (eller finner ferdig sertifiserte rettleiarar) med minoritetsbakgrunn, kan de framleis ta opplæringa, arrangere grupper for anten omsorgsgjevarar med etnisk norsk og/eller minoritetsbakgrunn, bli sertifisert på standardversjon, og så seinare ha ei gruppe saman med ein rettleiar med minoritetsbakgrunn og då bli sertifisert i minoritetsversjonen.
Det er viktig at alle rettleiarkandidatar beherskar norsk godt.
Viktig! Du må ha moglegheit for å drive grupper for å få plass på opplæringa.
Påmelding/søknad:
Påmelding/søknad
Skriv e-post til Chiku eller Patrick om du har spørsmål knytt til påmeldinga/søknaden.