Chiku Ali

Chiku Ali

Chiku Ali

Spesialkonsulent
Mobil: 93 26 21 11
E-post

Ho har særleg fokus på programutvikling med kompetanseheving for hjelpeapparatet når det gjeld forståing av den delen av befolkninga som ikkje er etnisk norske.

Ho sier: “Eg har fokus på utfordringar i forhold til vald i nære relasjonar og eit liv i eksil. Eit naturleg spørsmål å stille er kvifor enkelte innvandrargrupper er overrepresentert i valdssaker og om det er viktige faktorar som kan auke vår forståing av bakgrunnen for valdsutøving for å førebygge på beste mulig måte? Her trengs det kulturkompetanse i formidling av kunnskap innanfor; Kultursensitivitet i møte med andre, kjønnslemlesting av jentebarn, tidleg ekteskap og tvangsekteskap, seksualitet i minoritetsperspektiv, barneoppdragelse i norsk kontekst og Empowerment av særleg kvinner som er oppvaksen i eit patriarkalsk systemorientert samfunn”.

I mange år arbeidet ho i Bergen kommune som innvandrerkonsulent, og seinare som Integreringskonsulent i Introduksjonprogrammet.

Ho seier:

“Er det ein måte som kan hjelpe oss å forstå, slik at vi kan førebygge når det gjeld tema som er tabubelagte og som påvirker helsa negativt, og hindrar at ein får eit godt og sunt liv? Det handlar om å gjere noko nytt, bryte mentale og kulturelle grenser når det gjeld forhold som i det opprinnelige samfunnet er tabubelagde. Ein må også vere bevisst på at endring tek tid».

Chiku meinar at kulturkompetanse bør vere ein integrert del av hjelpeapparatene sin produktkunnskap.

Chiku har arbeidd som kulturkonsulent i Bergen kommune, ved Bergen Internasjonale Kultursenter. Vidare som innvandrarkonsulent ved innvandrarkontoret i Bergen kommune, seinare som integreringskonsulent ved Mottaks og kompetansesenter for integrering av flyktninger og innvandrere i Bergen kommune, med særleg utvikling av pedagogiske kulturprogram for barn med ulik etnisk tilhøyre.

Chiku er kvalifisert trener i ICDP (International Child Development Program) og helder kurs for foreldrerettleiarar frå ulike grupper i kommunane. Ho har universitetsutdanning innenfor teatervitenskap, kulturvern og kulturformidling, sosialantropologi og vaksenpedagogikk.