Aktuelt
Nominert til Gullegget
- 05/11/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Avdekking-kva så? barnesamtalen Førebygging omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg Utviklingstraumer Vold
Prosjektet Avdekking av vald og seksuelle overgrep som vi har gjennomført i samarbeid med Redd Barna, er nominert til Gullegget.
Gullegget er ExtraStiftelsen si årlege hedersbevisning til eit avslutta prosjekt.
Bakgrunn for prosjektet
Årleg vert eit stort antal barn utsett for vald og seksuelle overgrep. Vald og overgrep er svært ofte skjult og tabubelagd. Det vert som regel omgjeve med taushet både i og utanfor familien, noko som gjer det vanskeleg å oppdage.
Difor er det viktig at dei som jobbar med barn har tilstrekkeleg kunnskap om, og sensitivitet overfor, dei signal barn visar. Dette er viktig for at vald og overgrep mot barn skal oppdagast og meldast vidare, slik at barna kan sikrast den hjelpa dei treng.
RVTS Vest fekk midlar frå Extrastiftelsen, gjennom Redd barna, til å utvikle ein kurspakke for medlem av tverretatlege konsultasjonsteam, for å gje dei opplæring i gjennomføring av fagdagen “Handlingskompetanse ved bekymring for eller kjennskap til at barn utsettes for vold og seksuelle overgrep”.
Målgruppa for fagdagen er alle som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn (barnehagar, skular, helsearbeidarar, barnevern, idrettslag, kyrkja o. a).
Inge Nordhaug i fagteam vald og seksuelle overgrep har vore prosjektansvarleg, og seier følgjande om nominasjonen:
– Prosjektet er jo eit implementeringsarbeid med mykje slit, hardt arbeid og i eit vanskeleg terreng. Så det er overraskande og gledeleg at dette vert sett og lagt merke til. Det er eit arbeid som mange på sentret har vore med på å få til, både i prosjektgruppa og i leiargruppa. Så no er vi glade og spente på avgjersla den 24. november!
Les om dei tre nominerte til Gullegget 2015
Relatert
Filmar om avdekkande samtalar med barn
Hjelp til dei som er bekymra for eit barn