Aktuelt
Hjelp til dei som er bekymra for eit barn
- 06/03/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt

I samband med Redd barna si kampanje Jeg er her, ynskjer vi å setje søkelys på tverretatlege konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep.

Inge Nordhaug og Reidun Dybsland i fagteam vald og seksuelle overgrep har vore med å opprette meir enn 30 tverretatlege konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep i region vest. Og nye team kjem stadig til.
Kva er eit tverretatleg konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep mot barn?
– Det er team som er tverretatleg og tverrfagleg samansett, og som har mandat til å yte råd, rettleiing og konsultasjon til offentlege tenester og privatpersonar som har bekymring for overgrep mot barn, seier Reidun og Inge.

– Det er eit lågterskeltilbod, noko som betyr at fagfolk kan kontakte teamet når dei er bekymra for om eit barn kan vere utsett for overgrep, dei treng ikkje vere sikre. Det viktige er at fagfolk har eit kompetent miljø å vende seg til for å få hjelp med å tolke åtferda og utsegna som har vekt bekymring. Dei kan få rettleiing på korleis ein kan gå fram for å avklare situasjonen, og om arbeidet vidare dersom bekymringa viser seg berettiga. Teama er vanlegvis sammensett med representantar frå barnevernet, psykisk helsevern for barn og unge og kommunehelsetenesta, og alle saker som vert lagt fram i teamet er anonymisert.
Kven kan ta kontakt med teama?
– Dei som i kraft av si yrkesutøving har ei bekymring for overgrep, som for eksempel lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell, tannhelsetenesta og andre fagfolk som møter barn. Også privatpersonar kan ta kontakt med teama.
Kva er målsetjinga på sikt?
– Hovedmålet er å bidra til auka avdekking av vald og overgrep mot born! avsluttar dei.
Avdekking er ikkje nok

Linda R. Kvalvik i same teamet, er ansvarleg for RVTS Vest sitt undervisningstilbod om oppfølging etter avdekking.
– Avdekking er ikkje nok, seier ho. Vi må ha eit tenesteapparat som er i stand til å følgje opp barn og familiar i krise.
– Erfaring viser at det offentlege hjelpeapparatet ofte manglar kunnskap om kva som skal skje etter avdekking av vald og seksuelle overgrep. Tema som sikkerheitsarbeid, krisearbeid inklusiv vurdering av sjølvmordsrisiko, bearbeiding av hendingar knytt til vald og overgrep, samt familieforståing er eksempel på slik kunnskap. Vidare er kunnskap om kulturforståing viktig for å forstå den krysskulturelle problematikken knytt til vald og overgrep, avsluttar ho.
Er du interessert i å vite meir om oppretting av tverretatlege konseltasjonsteam og informasjon om kurset “Barnesamtalen”, kan du kontakte teamleiar i fagteam vald og seksuelle overgrep, reidun.dybsland@helse-bergen.no.
Er du interessert i å vite meir om RVTS Vest sitt tilbod om oppfølging etter avdekking, kan du kontakte Linda R. Kvalvik på linda.renate.kvalvik@helse-bergen.no.
Relatert:
Korleis samtale med barn om vanskelege ting
Eit felles løft som gjev større tryggleik