Korleis samtale med barn om vanskelege ting

Under finner du tre filmklipp som illustrerer korleis ein kan samtale med barn som har det vanskeleg. 1. Gode og vonde hemmeligheter, 2. Kommunikasjon som opnar, 3. Kommunikasjon som lukker.

Hjelp til klippet Gode og vonde hemmeligheter
Det er viktig å formidle til barnet at barn skal ha gode hemmeligheter, men at barn ikkje skal ha vonde hemmeligheter. Då må dei fortelje det til ein vaksen. Dersom ein klarer å formidle at “eg er ein slik person du kan fortelje det til” så er det flott. Men då må ein vere forberedd på og mottakeleg for å ta i mot “det verste”.
Filmklippet illustrerer ei tilnærming til å snakke med barn om hemmeligheter, som kan bidra til at barnet opplever å få ei indre tillatelse” til å fortelje det som det bærer på.

Hjelp til klippet Kommunikasjon som opnar
  • Ein bydande form opner for at barnet kan fortelje med eigne ord.
  • Å gjenta det barnet seier viser at ein er interessert i kva dei fortel, og det ansporar barnet til å fortelje meir.
  • I tillegg til å gjenta er det fint å bekrefte det barnet seier ved små nikk og bekreftande ord, som ”akkurat ja, så slik var det”, ”mm”, osv.
  • Det er viktig å bruke barnets ord for å unngå misforståingar.
  • Oppsummeringar undervegs hjelper barnet, særleg dei minste, til å halde fokus i samtalen, og er også viktige for å sikre at ein har oppfatta det barnet seier på rett måte.
  • Å lytte meir enn ein snakkar hjelper ein til å vere synkron med barnet i samtalen, og hjelper ein til å vere til stades ”her og no”.
  • Ved å stille mange spørsmål utan å lytte blir ein fort i utakt med barnet, som då lett vil kome til å gi ja/nei svar. Dialogen vert svekka og samtalen får meir preg av avhør.
  • Når det blir stille har man ofte en tendens til å innføre nye spørsmål fordi tausheten stresser ein. Det er viktig å tåle pauser, men ikkej så lenge at det vert opplevd beklemmande. Husk at pauser også kan brukast til for eksempel å seie: ”No vart det stille her, det ser ut som du tenker på noko. Eg lurer på kva du tenker no?”
    Filmklippet illustrerar ulike grep i kommunikasjonen som opnar og gjer det lettare for barnet å fortelje.

Hjelp til klippet Kommunikasjon som lukker
  • Det kan vere vanskeleg å ikkje bruke kvifor-spørsmål, men det er viktig å vere klar over at det kan forsterke skyldkjensle. Det inviterer barnet til å leite etter ei årsaksforklaring på kvifor dei ikkje gjorde motstand eller sa nei.
  • Ved å stille spørsmål som fører til ja/nei svar får man lite valid informasjon frå barnet. Det fører ein også fort inn i ”avhørsformen”. Det er dialog og fri forteljing som gir mest informasjon.
  • Unngå vide og generelle spørsmål. Barn kan lettare fortelje når ein spør ”Kva gjorde de i gymtimen i dag”, enn når man spør ”Korleis var det på skulen i dag?”
  • Ein må aldri stille ledande spørsmål til barnet ved for eksempel å innføre kven som kan vere overgripar eller innføre kva som kan ha skjedd.
  • Dersom barnet fortel, må ein vere bevisst på ikkje å projisere eigne kjensler over på barnet (for eksempel ”Stakkar deg, det må ha vært forferdeleg!”). Ein kan i staden spørre barnet ”Korleis var det å vere deg då?” Då kan barnet sjølv setje ord på sine kjensler og tankar.
  • Å overhøre det barn seier er med på å ugyldiggjere barnet si oppleving. Barn vil fornemme at dette er noko ein ikkje snakkar om, og på den måten vert våre tabuer overført til barnet.
  • Dersom ein lurer på om det barnet seier er sant, bør ein likevel unngå spørsmål som ”Er du sikker på at det var slik det var?” Då vil barnet kanskje kjenne seg mistrudd, tenke at ein ikkje tåler å høyre det dei har opplevd, eller sjølv begynne å tvile på om det faktisk var slik det var.
  • Ein kan ta som utgangspunkt at det barn fortel gjenspeglar deira oppleving. Å finne ut kva som er sant eller usant kan overlatast til politiet.
    Filmklippet illustrerar ulike måtar å kommunisere på som “lukker” og gjer det vanskelegare for barn å fortelje.