Aktuelt
Eit felles løft som gjev større tryggleik
- 14/01/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Avdekking-kva så? barnesamtalen

RVTS Vest starta denne veka opp kompetansehevinga «Avdekking – Kva så» med barnevernstilsette frå dei tre bydelane Arna, Årstad og Åsane.
- Reidun Mårstig Røv og Benedicte Næss tek udanninga Avdekking -kva så?
Dei nær 80 deltakarane deltek på vidareutdanninga som går over 13 månader og er delt inn i to modular; «Barnevernets arbeid etter avdekking av vald og overgrep» og «Samtaler med barn».
Vi snakka med to av deltakarane om kva dei tenkjer om vidareutdanninga.
Reidun Mårstig Røv har jobba mange år i barnevernet, har lang erfaring og vidareutdanning frå før. – Det at dette er ein felles innsats for heile tenesta vil virke samlande og få i gong faglege diskusjonar. Sjølv om nokre av oss har jobba lenge, kan me alltid læra meir og få nye impulsar og ferdigheiter i yrket.
Benedicte Næss er utdanna sosionom i vaksen alder og har tre års erfaring frå barneverntenesta. Ho seier at det er naudsynt med vidareutdanning og kompetanseheving, at det er viktig å halde seg oppdatert. Ho støttar Røv i at ei felles kompetanseheving for heile tenesta vil koma born og foreldre til gode, samt gje ein større tryggleik for barnevernarbeidarane.
- Ellen Sofie Jacobsen og Marie Vatnaland frå barnevernstenesta i Tysvær kommune.
Vi har og snakka med to deltakarar frå Tysvær, som no er godt på veg i studiet. Ellen Sofie Jacobsen (sosionom) og Marie Vatnaland (barnevernpedagog) jobbar i barneverntenesta i Tysvær kommune. Utdanninga starta opp her i mars 2014 og dei har begge to fullført opplæringa Samtalar med barn.
– Utdanninga gjev oss nye verktøy og ein større tryggleik i møte med foreldre og barn, sier Ellen Sofie.
Ho viser til at særleg opplæringa i samtale har vore nyttig. Ho seier at ho kjenner seg trygg i møte med skeptiske foreldre, når ho kan vise til at samtalen med barnet har vore metodisk og ivaretakande ovanfor barnet.
Marie Vatnaland trekkjer fram at utdanninga gjev ei felles forståing og eit felles fokus som tenesta kan nyttiggjera seg i det vidare arbeidet. – Vi har vore innom mange tema og nokre av dei kunne eg tenkt meg å gått djupare inn i. Det er både ein fordel og ei utfordring at deltakarane har ulik erfaring, kunnskap og arbeidsstad. Rettleiing knytta til eiga fungering i samtalar med barn har vore svært nyttig, seier ho.
– Vi ser no fram til å nytta den nye kunnskapen vår!, avsluttar dei.
Utdanninga, med ein teoretisk modul og den praktiske opplæringa og treninga i samtalar med born er eit samarbeid mellom RVTS Vest, aktuell kommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Utdanninga er meint for barneverntenesta, konsultasjonsteam og andre samarbeidspartnarar. Haugesund og Bergensbydelane Laksevåg og Fyllingsdalen har allereie gjennomført utdanninga, medan Tysvær med omegnskommunar og Egersund med omegnskommunar held på no.
Ynskjer du å vete meir om utdanninga “Avdekking – kva så?” kan du kontakte oss på rvts@helse-bergen.no.