Aktuelt
Nevrobiologi som vegvisar for traumearbeid

Nyleg vart boka Traumebehandling. Komplekse traumelidelser og dissosiasjon utgjeve.

Dag Ø. Nordanger har bidrege med eitt av kapitla i denne boka; Nevrobiologi som veiviser for traumearbeid.
– Eg har skrive om korleis den nevrobiologiske kunnskapen vi har i dag kan brukast i den direkte kontakten med barn, ungdommar eller vaksne som strever med etterverknader av traumer.
Tidlegare kunne kanskje nevrobiologisk forskning vere litt framandgjerande for både terapeutar og klientar. Mi oppleving er at dette er ansleis i dag, slik dette forskningsfeltet har utvikla seg.
Dersom vi klarar å formidle godt til folk kva traumatiske erfaringar gjer med hjernen og nervesystemet, er mi erfaring at dette ikkje berre gjer vanskane meir forståelege – det gjer dei også meir handgripelige.
Eg skriv blant anna om korleis modellen «toleransevinduet», som bygger på den nevrobiologiske kunnskapen, både kan brukast for å forklare traumerelaterte vanskar og som eit verktøy for å jobbe med desse vanskane, seier Dag.
Relaterte lenker
Traumebehandling. Komplekse traumelidelser og dissosiasjon
Toleransevinduet – traumefeltets nyttigste verktøy?