Slik kan du bruke Toleransevinduet
- I direkte dialog med dei som treng hjelp – modellen eignar seg godt i samtale og kontakt med menneske som har opplevd traume eller belastningar i oppveksten.
- Forklare kva problemet handlar om – toleransevinduet kan brukast til å setje ord på og visualisere kva som skjer i kroppen ved vanskelege reaksjonar.
- Analysere vanskelege situasjonar – til dømes ved å undersøke kva som fekk aktiveringa til å stige eller synke, og kva som skjedde i kropp og tankar undervegs.
- Evaluere og utvikle reguleringsstrategiar – modellen kan brukast til å vurdere kva strategiar som hjelper ein person tilbake i toleransevinduet, og til å prøve ut nye alternativ.
- Intern undervisning i tenestene – toleransevinduet er eit enkelt og visuelt verktøy som eignar seg godt til opplæring av tilsette. Det kan brukast til å bygge felles fagleg forståing for korleis stress, traume og aktivering påverkar kropp og åtferd, og gir eit tilgjengeleg utgangspunkt for fagleg refleksjon og diskusjon i team.
- Skape felles språk på tvers av tenester – ved å bruke toleransevinduet som felles referanse kan fagfolk frå ulike tenester og tradisjonar kommunisere betre rundt dei same utfordringane.
Toleransevinduet forklart i film og tekst
Dag Nordanger forklarer toleransevinduet (film):
Kva er toleransevinduet?
Modellen består av ein heilt enkel figur. Jo høgare opp i figuren du kjem, jo høgare er aktiveringa i kroppen.
Modellen seier ganske enkelt at vi alle har eit vindauge der aktiveringa er akkurat passeleg: Det er det vi kallar toleransevinduet. Når du er innanfor det vindauget, er det lettast å konsentrere seg og vere fullt og heilt til stades i situasjonen.

Om du er over vindauget er du overaktivert (hyperaktivert) — som betyr at aktiveringa er for høg.

Om du er under, så er du underaktivert (hypoaktivert) — som betyr at aktiveringa er for låg.

Kor ope eller vidt toleransevinduet er, vil for alle menneske variere ganske mykje. Både gjennom dagen og frå dag til dag. Faktisk er dei fleste av oss både over og under til stadighet.
Ut og inn i toleransevinduet
Vi har gjerne nokre strategiar som gjer at vi klarer å regulere oss tilbake i vindauget før ubehaget blir for stort. Men om vi opplever fare eller føler oss trua, blir vi raskt sende ut av toleransevinduet. Ofte blir det utløyst det vi kallar ein kamp-flukt-reaksjon, altså ein hyperaktiveringsreaksjon. Då blir blodet pumpa ut i bein og armar, og kroppen gjer seg klar til å kome seg vekk frå denne trusselen.

Når du blir redd, vert kroppen aktivert, slik at du vert sett i stand til å komme deg unna trusselen!
Om kamp eller flukt ikkje er mogleg fell vi gjerne tilbake på den mest grunnleggjande overlevingsstrategien som vi menneske har; den same som vi kan sjå hos små dyr som blir heilt «livlause» når dei er i akutt fare. Det er ein hypoaktiveringsreaksjon.
Aktiveringa i kroppen synker til eit minimum, pulsen går ned, og blodet blir trekt tilbake frå bein og armar for å verne indre organ. Du blir ute av stand til å røre deg.
Smalt toleransevindu
Ein hensiktsmessig måte å forstå konsekvensane på, er at det fører til eit smalare toleransevindu.
Det skal mindre til før vi flyg opp i ein hyperaktivering med mykje uro, eller at vi fell ned i ein hypoaktivering med nummenheit, tomheit og blir avstengd frå omverda. Då handlar det om at traumet styrker det vi gjerne kallar hjernen sitt alarmsystem, altså dei nettverka som bidreg til å setje i gang alarmreaksjonar. Alarmsystemet overstyrer reguleringssystemet, som eigentleg skal bidra til å dempe alarmreaksjonar.
Barn er særleg sårbare
Det kan vere vanskeleg å kome seg tilbake i toleransevinduet om ein først skulle hamne utanfor. Dette gjeld alle menneske, men barn er i ein spesielt sårbar situasjon. Det er fordi reguleringssystemet er underutvikla hos barn.
Hos barn blir reguleringssystemet utvikla litt etter litt gjennom oppveksten. Det skjer gjennom den sensitive omsorga barn får frå omsorgspersonane, særleg erfaringane dei får når dei er frustrerte, engstelege eller redde. Når omsorgspersonane trygger og regulerer kjenslene, hjelper dei barna tilbake i toleransevinduet sitt.
Det er særleg alvorleg når det er omsorgspersonar som er trusselen.
Difor er det særleg alvorleg når det er omsorgspersonar som er trusselen. Menneske som har opplevd mykje av dette i oppveksten, vil kunne få eit smalt toleransevindu, og dermed lett utløyselege alarmreaksjonar. I tillegg kan hjernen sitt reguleringssystem forbli litt underutvikla, utan moglegheit til å handtere dei sterke hyper- eller hyporeaksjonane. Dette kan gi eit ganske forvirrande bilete av den diagnostiske hyperreaksjonen.
Det kan kome til uttrykk som åtferdsvanskar, ADHD-symptom, angst, hyporeaksjonar, depresjon. Vekslinga mellom hyper- og hyporeaksjonar kan krysse av for ganske mange av boksane for ein bipolar liding. Berre for å nemne nokre eksempel.

Når omsorgspersonane trygger og regulerer kjenslene, hjelper dei barna tilbake i toleransevinduet sitt.
Toleransevinduet gir meining
Toleransevinduet er ein god modell å bruke i den direkte dialogen og kontakten med dei menneska som treng hjelp. Dei som har kjent det på kroppen, forstår toleransevinduet. Det kan brukast til å forklare kva problemet handlar om. Det kan òg brukast til å analysere ulike vanskelege situasjonar:
- Kva var det som fekk denne aktiveringskurva til å stige?
- Kva var det som fekk ho til å synke?
- Kva skjedde her oppe når tankane dine berre rasa og du kjende at alt var kaos?
- Korleis fekk du kurva til å begynne å gå nedover igjen?
Toleransevinduet kan òg brukast til å evaluere ulike strategiar for å regulere seg tilbake til toleransevinduet.
- Sånn som du kjende deg i går, når du var heilt tom og nummen. Om du i staden for å kutte deg hadde gått ein tur eller høyrt på noko engasjerande musikk. Trur du det ville tatt lengre eller kortare tid, før du kom deg opp igjen i toleransevinduet? Kanskje du testar det ut til vi møtest neste gong?
Å bruke toleransevinduet som modell kan bidra til eit felles språk og eit felles visuelt samlingspunkt for alle tenester. Menneske som har opplevd utviklingstraume, vil trenge fagfolk rundt seg som snakkar same språk. Tenester som kanskje elles jobbar ut frå ulike fagomgrep, perspektiv og tradisjonar.
Kjelde:
Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer: Regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget.
