Aktuelt
Med fokus på veteranar og deira familiar
- 17/06/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Traume Veteran
13. og 14. oktober arrangerer vi regional konferanse i Bergen og Stavanger, om veteranar og deira familiar.
Venke A. Johansen er leiar for ei regional nettverksgruppe som starta etter at handlingsplanen «I tjeneste for Norge» vart iverksett.
– Handlingsplanperioden er over, men vi her i vest er så heldige å ha fått til eit godt samarbeid i gruppa og vi ønskjer å videreføre fokuset på veteranar, seier Venke A. Johansson.
– Vi har laga eit program vi håper vil treffe godt i målgruppa. Vi har representantar frå Forsvaret, RVTS, Familievernet, NAV og SIOPS (Veteranforbundet SIOPS, Skadde i internasjonale operasjoner) som saman skal belyse arbeidet med veteranar og deira familiar.
– Ikkje minst skal ei dotter av to foreldre med veteranbakgrunn fortelje si historie og Arve Marcelius Aasbak, som tenestegjorde som FN-soldat i Libanon, skal dele sine opplevingar og refleksjonar ved det å være veteran og pårørande. Han er og ein av veteranane som vert portrettert i boka «Gi meg heller livet» (sjå lenke under).
Kvifor ønskjer de å arrangere ein konferanse med fokus på veteranar og deira familiar?
– Vi ønskjer at konferansen kan bidra til å gje ei auka forståing for kva krigsteneste kan medføre både for den enkelte som tenestegjer, men og for deira nære familie. Arbeidet med å førebyggje skader for den enkelte tenestemann og -kvinne, og god oppfølging av dei som får problem, involverer mange aktørar. Konsekvensar for dei næraste, spesielt for partnar og barn har fått auka merksemd den siste tida. Ivaretaking av pårørande er eit felles samfunnsansvar som føreset felles forståing og samarbeid på tvers. Ansvaret for å ivareta dette viktige aspektet involverer fleire sektorar og aktørar, difor er målgruppa for konferansen brei.
– Anten ein jobbar direkte med behandling av veteranar og deira familiar, eller ein møter pårørande av veteranar, til dømes som lærar til ein elev med ein far som er veteran, kan denne konferansen vere for deg, seier Venke.
– Samstundes har dette arbeidet fått ny aktualitet om ein ser på den nyleg publiserte Riksrevisjonens undersøkelse av ivaretakelse av veteraner fra internasjonale operasjoner (lenke under). Denne viser eit varierande tilbod og til dels lange ventetider som gjer at veteranar med psykiske plager i mange tilfelle ikkje får den hjelpa dei treng, avsluttar Venke A. Johansson.
Sjå programmet og meld deg på ønska stad
Les:
Riksrevisjonens undersøkelse av ivaretakelse av veteraner fra internasjonale operasjoner [wpfilebase tag=file id=175 tpl=simple /]
Sjå reportasje i Dagsrevyen om boka «Gi meg heller livet»
– Ikke rustet til å behandle soldater som vender hjem, innslag i Dagsrevyen med Arve Marcelius Aasbak