Aktuelt
Lærerik observasjon av fullskala øving
- 29/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Kriser Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Traume Traumebevisst

Kriser og psykososial beredskap er eitt av områda RVTSane har særleg fokus på.
Nyleg vart det gjennomført ei fullskala øving på Jaren stasjon på Hadeland i Oppland fylke. Det vil seie at alle instansar som er involvert i ei større ulykke skal trenast; politi, helse, brann, sivilforsvar, kriseteam og frivillige organisasjonar.
- Eit tog har kollidert med ein personbil.
- Naudetatane byrjar å komme på plass.
Scenarioet var at eit tog hadde kollidert med ein bil. Ei stygg ulykke der flere omkom og mange vart skadd. Det var mange personar om bord i toget, blant anna ein klasse frå videregående skule.
Politiet og kommunen si kriseleiing beslutta at det skulle opprettast eit senter for dei evakuerte og pårørande (EPS)* på eit hotell i Gran kommune, der kriseteam frå tre kommunar skulle ha ei sentral rolle. Alle ramma som ikkje vart fysisk skadd med behov for sjukehusinnlegging, skulle samlast på EPS. I tillegg vart alle pårørende ein kom i kontakt med etter ulykka invitert til EPS.
RVTS Øst, ved Kirsti Silvola var sentral i planlegginga av den psykososiale delen av øvinga gjennom å utarbeide konkrete roller til markørane (dreieplan). Dette var grunnlaget for kva psykososial oppfølging personane på EPS hadde trong for.
Venke A. Johansen og Geir Olsen frå RVTS Vest var med som obeservatørar under øvinga, saman med representantar frå dei andre RVTSane.
- Venke A. Johansen
Kva er psykososial krisehjelp?
– Psykososial krisehjelp er først og fremst medmenneskelig støtte og omsorg i ein situasjon der den ramma midlertidig er satt ut av stand til å ta vare på seg sjølv og sine eigne forpliktingar, seier Venke.
– God psykososial ivaretaking den første tida etter ei ulykke eller krise vert rekna som eit viktig helseførebyggjande tiltak, via auka meistring og førebygging av langvarige posttraumatiske reaksjonar.
Kva er kriseteamet si rolle?
– Kriseteamet bør har kunnskap om betydninga av god informasjon, praktisk hjelp og omsorg. Teamet skal imidlertid ikkje drive psykoterapeutisk behandling, men det er likevel verdifullt å ha bakgrunnskunnskap om akutte krisereaksjonar, sorg, traume etc. som grunnlag for å vurdere kven som bør henvisast vidare etter den første akuttfasen.
Korleis var det å vere med som obeservatør på denne øvinga?
– Det er utruleg lærerikt å vere med på slike øvingar, seier Venke . – Det er svært kaotisk når ei slik ulykke skjer, og då får ein i praksis sjå kva som fungerer og kva som ikkje fungerer.
– Vi ser at det å ha kompetanse om reaksjonar dei involverte kan få er viktig for å kunne setje inn hensiktsmessige tiltak. God informasjon, og at dei involverte får sine grunnleggjande behov som omsorg, mat og drikke dekka, er viktig for å roe ned ein elles kaotisk situasjon.
– Å ha slike øvingar er ein veldig god måte å lære på. Dessutan vert det evaluert i etterkant, slik at ein går gjennom kva som fungerte, og kva som må gjerast annleis, avsluttar ho.
Venke er med i ei nasjonal skrivegruppe som jobbar med å revidere IS-1810-Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer.
* Eit evakuerte- og pårørandesenter (EPS) er ein sted kor kommunen og politiet kan ta i mot, registrere og følge opp, fortrinnsvis fysisk uskadde, evakuerte frå ein skadestad og eventuelt gjenforene dei med sine pårørande. Pårørande og etterlatne som ikkje blir gjenforent med sine eigne fordi vedkommande har mista livet, er skadd eller savna, skal også få naudsynt krisehjelp ved EPS.
Relatert
Kriseteamskulen tilbyr ein temadag i november og desember