Aktuelt
Kriseteamskulen tilbyr ein temadag i november og desember
- 22/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Kriser kriseteamskulen

Kva må vi ta omsyn til i kriseteamarbeid med menneske som har vonde erfaringar frå før?
Mange menneske i landet vårt kjem frå område med krig og uro. Når dei som har med seg vonde opplevingar, opplever nye traumatiserande hendingar, kan det kreve at kriseteamet er ekstra merksam. Temadagen vår vil omhandle dette.
Dagen vert arrangert 17. november på Skei i Jølster, 7. desember i Bergen og 10. desember i Sandnes.
Vi ynskjer nye og gamle deltakarar velkomne. Å ha delteke på tidlegare dagar på Kriseteamskulen er ein fordel men ikkje eit krav. Vi held lokaler og lunsj/kaffe, de må stille med tid og reiseutgifter. Dagane har tidsramme 10.00-15.30. Nærare informasjon om dagsorden vert sendt ut til dei påmeldte.
Påmelding
AVLYST! Skei, 17. november Påmeldingsfrist: 10. november
Bergen, 7. desember, Påmeldingsfrist :30. november
Sandnes, 10. desember, Påmeldingsfrist 3. desember
MERK: Påbyggingsdagen er gratis. Dersom du melder deg på, men likevel ikkje har høve til å komme – er det viktig at du gjer beskjed om dette ved påmeldingsfristen. Ved manglande oppmøte vil det bli sendt gebyr på 500,-.
Meld deg på