Aktuelt
Internasjonal dag til støtte for torturoverlevarar
- 25/06/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse tortur torturoverlevarar Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg

26. juni, FNs internasjonale dag til støtte for torturoverlevarar, har i år retten til rehabilitering som tema.
- Rolf Vårdal er fysioterapeut og spesialkonsulent i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon.
Rolf Vårdal i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon har jobba mykje med personar utsett for tortur, og synast at det er flott at retten til rehabilitering er tema i år:
Kvifor er 26. juni ein viktig dag?
– Amnesty International har dei siste 5 åra rapportert om tortur i 141 land, rundt 75% av verdas statar. – Dette er såleis eit globalt problem, og desto verre, dei fleste stadene der dette føregår er statar som har ratifisert konvensjonar og vedteke lover som forbyr dei same handlingane. Med andre ord, det er nødvendig å kjempe mot at dette får halde fram, aktive menneske må ta stilling mot at andre menneske blir skadde for livet, og at myndigheiter eller deira representantar brukar slike midlar mot eigne borgarar.
Kva slags hjelp får overlevaren?
– Kapasiteten i helsevesen, verken lokalt eller globalt er ikkje stor nok til å gi adekvat behandling til dei som har opplevd og overlever tortur, mange må leve med sine opplevingar utan ekstern hjelp.
Kva kan vårt helsevesen bidra med?
– Opplevingane rammar ikkje berre personen som har opplevd tortur, men også familie, vener og lokalsamfunn. Ei holistisk rehabilitering vil bidra til å lækje effektane av tortur og bidreg vidare til eit sunnare og sterkare samfunn ved at overlevarar klarer å gjenoppbygge sine liv. For vårt helsevesen er det viktig å vere gode nok til å bistå i denne prosessen, også gjennom å vite litt om kva tortur er.
– Vi kan ikkje endre fortida, men gjennom å lytte, tenkje ressursar og samstundes anerkjenne pasientens/personens smerte, gjer vi ein god jobb, avsluttar han.
I samband med den internasjonale dagen til støtte for torturoverlevarar, gjer vi merksam på Rolf si “Stemme i vest”, der han skriv om å vere hjelpar i møte torturoverlevarar.
Sjå video frå Amnesty sin kampanje “Stop torture”
[responsive_youtube PBjrfa2O8ag]
Relatert:
Amnesty sin kampanje Stop torture
26 June – International Day in Support of Victims of Torture (IRCT)