Aktuelt
Tenk deg…

Tenk deg at du står oppstilt mot ein mur, bind for auga, du veit du skal døy. Tankane på kva som kunne ha blitt fyller hovudet; tenk å ikkje få sjå sonen din vekse opp, tenk å ikkje få møte kona meir, tenk på alt du skulle ha sagt til dei du er glad i, tenk å ikkje få leve. Du høyrer soldatane komme gåande, du høyrer dei får sine ordrar om å stille opp, sjekke våpna, du veit at no skjer det, du kjenner ei uendeleg redsle, du tenkjer kvifor gjorde eg det eg gjorde, om eg hadde heldt munn hadde eg ikkje vore her no. Kroppen spenner seg, gjer seg klar, du høyrer ordren og du gir deg over, du gjer i buksa, du klarer ikkje kontrollere det. Augneblinken då alt er over kjem likevel ikkje, du høyrer ikkje smellane frå våpna som blir avfyrte, du høyrer at nokon ler, det er soldatane som ler. ”Sjå på han, han er verre enn ein gris, ikkje mykje til mann”. Du skjønar at det er deg dei snakkar om, langsomt kjem du tilbake til her og no, du skjønar at du lever, du kjenner kroppen din. Du høyrer dei snakkar, dei ler, kallar deg svin, du kjenner forakta frå dei. Du lever og det er det viktigaste for deg, men skamma er også di.
Brått får du eit slag med noko hardt mot kjeven, det gjer frykteleg vondt, du kjenner at 2 tenner har løsna, du kjenner blodet renn, du kjenner fleire bitar av den eine tanna i munnen.
Eller, tenk deg at du sit på ei celle, du ser at medfangar blir henta, er borte ei stund, du kan høyre skrik av angst og smerte, dei kjem tilbake og blir slengde inn i cella, blodige, slegne, sparka, mishandla på det verste. Sjølv blir du ikkje henta, til slutt er du den einaste som ikkje har blitt henta og banka opp. Du lurer på kvifor, dei andre har ikkje gjort stort anna enn deg, dei jobba for det same, å få lov til å snakke, delta i samfunnet som kritiske røyster, peike på feil og manglar, komme med forslag til å betre situasjonen. Etter kvart føler du at dei andre ser på deg på ein annan måte, du føler dei lurer på kvifor du ikkje skal få smake medisinen dei har fått. Du lurer sjølv, og gradvis håper du at du også vil bli henta, at du også skal få smake, at du igjen skal bli ein av dei, ynskjer å føle den direkte fysiske smerten, til slutt ber du om det, for det vil sette ting på plass. Det skjer aldri, og du lurer framleis på kvifor ikkje.
Tenk deg at det er din tur, du ligg på ein benk, du er åleine, du er halvnaken, rundt deg høyrer du 4-5 menn, du veit frå før at dei har masker, er i uniform, med batongar, med våpen. Du er bunden, har bind for auga, du har ingen sjanse til å yte motstand. Spørsmåla kjem, men du har ingen svar. Du ber om å få sleppe, men du veit kva som kjem, slaga, sinnet frå dei som du får kjenne på din eigen kropp. Du har vore gjennom det før, i dag blir du hengd opp etter armane, dei heiser deg opp så langt at du ikkje når golvet med beina, all vekt etter armane. Du blir slegen, du ser ikkje kvar slaga kjem. Brått får du eit slag med noko hardt mot kjeven, det gjer frykteleg vondt, du kjenner at 2 tenner har løsna, du kjenner blodet renn, du kjenner fleire bitar av den eine tanna i munnen. Så kjem dei igjen, slaga mot ryggen, mot hovudet, mot magen.
Tenk deg at dette var din historie, korleis ville du likt å bli møtt av ein person som påstår at han eller ho vil hjelpe deg?
Kor mange personar med torturopplevingar som er i Noreg fins det ingen sikre tal på, men det dreiar seg om fleire tusen.
Det føregåande er sanne og reelle døme, kun lett omskrivne. Mange personar vi møter i vårt eige samfunn har slike opplevingar, ofte utan å ha fortalt det til nokon. Kor mange personar med torturopplevingar som er i Noreg, fins det ingen sikre tal på, men det dreiar seg om fleire tusen. Svært få er no opphaveleg norske, men mange av oss har høyrt historiane om norske motstandsfolk som blei arresterte under andre verdskrig og blei utsette for grov vald. Desse personane fekk ikkje alltid god og omsorgsfull oppfølging av eit helsevesen med kompetanse innan traumefeltet, og mange var prega av desse opplevingane resten av livet. I dag er helsevesenet betre rusta med kompetanse om traumer, men spørsmålet er om det er god nok oppfølging av menneske med torturopplevingar. Handlingskompetanse er noko anna enn kunnskap.
Spørsmålet er om vi har tid, om vi har interesse, om vi har tryggheit nok til å gjere dette på ein måte som fungerer for den personen vi møter.
Gjennom mange år og møte med menneske med slike opplevingar vil eg påstå at mange opplever lite interesse for tematikken i norsk helsevesen. Om dette er ei reell lita interesse, eller usikkerheit for det ubehagelege hos helsearbeidaren er nok variabelt, sikkert begge deler og andre grunnar i tillegg. Sidan vi i Noreg smykkar oss med å ha eitt av dei beste helsevesena i verda, og hevdar at det skal vere godt nok til at alle skal få adekvat og god oppfølging, er det viktig å peike på at det framleis er felt der mange av pasientane opplever at det gjenstår noko. Ei nyleg gjennomført undersøking blant fastlegar i Helseregion Vest viser, blant dei 54 som har svart, ei oppleving av relativt låg eigenkompetanse, og svært få samarbeidspartnarar med kompetanse på dette feltet. Arbeid med torturoverlevarar er ofte eit arbeid der eit tverrfagleg fokus gir best resultat, og det er betenkeleg at med dei ressursane og reiskapane vi har er dette framleis eit tema mange går utanom. At gruppa som har slike opplevingar er svært lite homogen, gjer det ikkje lettare å få tak på dette. Vidare er det ofte skambelagt og smertefullt å ta det opp, og vi er ikkje alltid flinke til å stille dei rette spørsmåla eller gi nok tid og tryggheit til at det i det heile blir eit tema. Dette er eit tankekors.
I arbeid med menneske frå andre deler av verda er det viktig å sjå bort frå og forbi kulturelle stengsel, slike som språk, religion, kjønnsroller, etnisitet, med meir, for å få tak i individet, den unike personen vi møter. I denne prosessen er vi periodevis avhengige av tolk, tid, ei kultursensitiv tilnærming og mange andre faktorar. Spørsmålet er om vi har tid, om vi har interesse, om vi har tryggheit nok til å gjere dette på ein måte som fungerer for den personen vi møter. I møtet med torturoverlevarar er dette kanskje endå viktigare, det å vere helsearbeidar er for fleire av dei ikkje nødvendigvis synonymt med å vere ein hjelpar, det dei har opplevd er smerte av ulike slag påført av andre potensielle medmenneske, nokre gonger også med helsearbeidarar til stades.
Å bli riven ut av førestillinga om at verda er ein trygg stad er ikkje nødvendigvis enkelt, men må kallast ei nødvendigheit om ein skal jobbe innan dette feltet.
Smerten det kan medføre å høyre om andres smerte i høve dette temaet, skal ein heller ikkje bagatellisere. Det gjer noko med den som høyrer slike historier, om dette blir konstruktivt eller det motsette er høgst invividuelt. Å endre perspektiv på kva som er viktig og kva ein eigentleg treng i livet kan vere nyttig, men det er ein fin balansegang, og sjølvsagt avhengig av kva perspektivet var i utgangspunktet. Å bli riven ut av førestillinga om at verda er ein trygg stad er ikkje nødvendigvis enkelt, men må kallast ei nødvendigheit om ein skal jobbe innan dette feltet. Kva ein vidare gjer med denne erkjenninga blir veldig personleg, men i konstruktiv retning kan det peikast på å drive eigenomsorg som styrkar den enkelte på fleire plan, og dette er heilt nødvendig! Kva form dette bør få, fins det ingen klare og enkle svar på, men ut frå eigne erfaringar gjeld generelle, alment kjende råd om ulike former for fysiske og kreative aktivitetar, i tillegg til eit vanleg sosialt liv. Vidare er det å dele dei sterke historiane med nokon, nokon som kan lytte, og i tillegg vise ei grad av forståing, av stor verdi. Men – det kan lagast ei uendeleg liste over kva som er lurt å gjere, det viktigaste er nok å ikkje lagre dette innvendig utan at det får ein ventil.
Nøkkelfaktoren i arbeid med andre menneske er kanskje så enkel som å sjå den andre også som eit individ, ein person med ressursar og kompetanse, for det har alle. For personar med torturopplevingar er dette like nødvendig som for deg og meg, men kanskje ein må vere ekstra merksam på å få dette tydeleggjort, desse personane har altså blitt mishandla og forsøkt brotne ned av potensielle medmenneske og treng å bli trygge på at du ikkje er blant dei. Og hugs, du treng ikkje vere helsearbeidar for å bry deg.