Aktuelt
Fagdagar om sjølvmordsforebygging
- 22/09/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Traume
Ingen kommentarer
Foto: Melissa Askew / Unsplash
Vil du lære meir om korleis møte menneske som strevar med sjølvmordstankar?
Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. I november arrangerer vi digitale fagdagar om sjølvmordsforebygging. Det er to ulike fagdagar, kor den eine dagen er for tilsette i kommunen som jobbar med vaksne, medan den andre dagen er for tilsette i kommunen som jobbar med barn.
Fagdagane er eit samarbeid mellom RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU Vest, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.
På fagdagane lærer ein meir om:
- korleis oppdage at nokon er i sjølvmordfare
- korleis forebygge sjølvmord
- konkrete verktøy for å intervenere ved sjølvmordsfare
- kva ein bør gjere dersom ein mistenkjer at nokon er i sjølvmordsfare
- korleis ein vert påverka av arbeidet
Relatert:
Regjeringa sin nye handlingsplan for forebygging av sjølvmord