Digital fagdag om førebygging av sjølvmord hos born og unge

Digital fagdag om forebygging av sjølvmord hos born og unge

26. november 2020

Målgruppe:

Tilsette i kommune som jobbar med born og unge

Lær meir om korleis møte born og ungdom som strevar med sjølvmordstankar.

Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. 

RVTS Vest og samarbeidspartnarar inviterer til digital fagdag om dette viktige tema.

På fagdagen vil ein lære meir om:

I etterkant av fagdagen vil me gje ut refleksjonsoppgåver som dykk kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Me oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.

Dato: 26.november Påmeldingsfrist: 19. november Avgift: Gratis

Tid: 09.00-12.00

Arrangørar: RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.

Målgruppe:  Tilsette i kommunar i Vestland og Rogaland som jobbar med born og unge.

Sted: Teams. Teams-lenke til arrangementet vert sendt ut på e-post, etter påmeldingsfristen. Sjekk difor at du skriv inn riktig e-postadresse i påmeldingsskjema!  Dersom ein arbeidsplass planlegg å følgje webinaret saman, så treng berre ein av deltakarane å melde seg på.  Skriv antall deltakarar i kommentarfeltet.

NB: Dette arrangementet er berre ope for deltakarar frå vårt opptaksområde (Vestland og Rogaland). Deltakarar frå andre stader i landet blir meldt av. Kontakt det regionale RVTS for å høyre om liknande tilbod.

Arrangementet er fullteikna.

Program:

09.00-09.45: Korleis kan ein førebygga sjølvmord? (Åse Mattson og Gudrun Austad)

09:45-10.00: Pause

10.00-10.45: Teieplikt, meldeplikt og opplysningsplikt (Turid Måseide)

10.45-11.00: Pause

11.00-12.00: Korleis arbeide med familiar i krise? Erfaringar frå praksis med behandling av born og unge. (Parvin Shaafi og Vårin Albrigtsen)

 

Føredragshalderar:

Parvin Shaafi (Ambulante tenester, PBU Helse Bergen – psykologspesialist)
Vårin Albrigtsen (Ambulante tenester, PBU Helse Bergen – spesialsjukepleiar)
Turid Måseide (Fylkesmannen i Vestland – seniorrådgjevar)
Gudrun Austad (RVTS Vest – psykiatrisk sjukepleier)
Åse Mattson (RVTS Vest – psykolog)