Digital fagdag om førebygging av sjølvmord hos vaksne

Lær meir om korleis møte vaksne som strevar med sjølvmordstankar.

Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. 

RVTS Vest og samarbeidspartnarar inviterer til digital fagdag om dette viktige tema.

På fagdagen vil ein lære meir om:

I etterkant av fagdagen vil me gje ut refleksjonsoppgåver som dykk kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Me oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.

Dato: 12.november Påmeldingsfrist: 5. november Avgift: Gratis

Tid: 09.00-12.00

Arrangørar: RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.

Målgruppe: Tilsette i kommune som jobbar med vaksne

Stad: Teams. Teams-lenke til arrangementet vert sendt ut på e-post, etter påmeldingsfristen. Sjekk difor at du skriv inn riktig e-postadresse i påmeldingsskjema! Dersom ein arbeidsplass planlegg å følgje webinaret saman, så treng berre ein av deltakarane å melde seg på.  Skriv antall deltakarar i kommentarfeltet. NB: Vi prioriterer deltakarar frå vårt opptaksområde (Vestland og Rogaland). Deltakarar frå andre stader i landet kan bli avmeldt dersom påmelding overskrider maks tal påmeldte (300 personar). Det blir i så fall sendt beskjed om dette på e-post.

Arrangementet er fullteikna.

Program:

09.00-09.45: Korleis kan ein førebygga sjølvmord? 

09:45-10.00: Pause

10.00-10.45: Kva gjer ein ved bekymring for sjølvmord? 

10.45-11.00: Pause

11.00-12.00: Hjelp til hjelparen: korleis vert me påverka av arbeidet vårt?

 

Føredragshalderar:

Gudrun Austad (RVTS Vest, psykiatrisk sjukepleiar)

Åse Mattson (RVTS Vest, psykolog)